Rift om ny Maria Parr-bok i utlandet

Maria Parr kan gle seg over stor interesse for den siste boka si både her heime og i utlandet. Foto: Margunn Sundfjord / NPKMaria Parr kan gle seg over stor interesse for den siste boka si både her heime og i utlandet. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
Snart kan lesarar i tretten andre land få lesa «Keeperen og havet».
 

Stadig fleire land vil ha den nye boka til Maria Parr, Keeperen og havet. Det fortel Sunnmørsposten.

Allereie i sommar kunne forlaget fortelja at Belgia, Frankrike, Italia, Russland, Danmark, Estland, Sverige og Tyskland hadde kjøpt rettane til boka før ho var kommen ut her heime.

No får snart også islandske barn lesa boka. Det same får barn i Polen, Slovenia, Bulgaria og i Storbritannia

Dei same landa som no har kjøpt den nye boka til Maria Parr, har også kjøpt dei to tidlegare bøkene hennar, Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, fortel Sunnmørsposten.

Utskrift E-post