Tre av fire nynorskelevar må bruka digitale læremiddel på bokmål

 Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Mange elevar er tvinga til å bruka digitale læremiddel på bokmål fordi dei ikkje finst på nynorsk. Mållaget ber staten ta grep.

Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål.

Det viser ei undersøking utført av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Framtida.no.

– Dette er grovt, og veldig alvorleg for elevane, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag til Framtida.no.

Totalt har 707 lærarar i nynorskområde svara på undersøkinga som Framtida.no har gjennomført blant norsklærarar i ungdomsskulen og vidaregåande og kontaktlærarar i barneskulen i løpet av våren.

Heile 96 prosent av lærarane i nynorskområde ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk.

Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er uroa for mangel på digitale læremiddel på nynorsk. Foto: Noregs MållagMagne Aasbrenn i Noregs Mållag er uroa for mangel på digitale læremiddel på nynorsk. Foto: Noregs MållagFår mange klager

– Viss elevane stadig opplever å sjå at nynorsk er vanskeleg å finna, så vil dei oppleva at nynorsk ikkje er like bra. Born er vare for slikt, åtvarar Aasbrenn, som til vanleg jobbar som norsklektor.

Noregs Mållag har den siste tida fått mange meldingar frå foreldre i nynorskområde som klagar over manglande nynorsk i digitale læreverk, appar og læringsressursar som borna deira bruker i skulen.

Dei oppmodar fleire til å ta kontakt.

Torgeir Dimmen, leiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seier dei også får tilbakemeldingar på at digitale læringsressursar ikkje finst på nynorsk. Han seier det ofte gjeld læringsressursar som ikkje er del av eit større læreverk.

– Her er det lovverk og regelverk som ikkje har følgt med i tida, seier han.

LES OGSÅ: Slår alarm for norsk språk

– Tragisk

Else Berit Hattaland er mor til to elevar på Kleppe skule i Klepp kommune, og leiar i Klepp Mållag. Saman med resten av foreldreutvalet på skulen har ho tatt opp med kommunen manglande nynorsk i dei digitale læremidla som skulen gir til elevane.

– Det er tragisk at dei språklege rettane til elevane blir tatt meir på alvor, seier ho.

På skulen får elevane teikneprogram på engelsk, og fleire appar finst ikkje på nynorsk eller er stilt inn på bokmål som standardspråk.

Krev at staten tar ansvar

Magne Aasbrenn i Noregs Mållag fortel at dei digitale læremidla som elevane bruker ofte er innstilte på bokmål, sjølv om elevane er nynorskelevar. Og det er sjeldan at elevane sjølve går inn og vel nynorsk viss dei ikkje får beskjed om å gjera det.

Mållaget har skrive brev til Utdanningsdirektoratet og bede om at dei tar grep for å sikra dei språklege rettane til elevane.

Ifølgje Opplæringslova har elevane rett til at alle læremiddel som blir brukt, fast, jamleg eller over lengre periodar finst på både nynorsk og bokmål.

– Dette er vurderingar etter skjønn som skuleeigaren må vurdera i høve til kvart einaste læremiddel, svarar Ylva Christiansen Sundt, fungerande avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet i eit brev til Noregs Mållag.

Magne Aasbrenn er skuffa over svaret, og har no bede om møte med direktoratet.

– Dette blir eit prioritert område for Mållaget å jobba med i tida framover, seier han.

LES OGSÅ: Norske elevar nest best i data

Dette seier Opplæringslova:

Opplæringslova § 9-4 slår fast at:

«I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.»

Utskrift E-post