Målprisen til VG

VG-redaktør Gard Steiro er vinnaren av Målprisen 2017. Foto: Kjell Åsmund SundeVG-redaktør Gard Steiro er vinnaren av Målprisen 2017. Foto: Kjell Åsmund Sunde
Målprisen 2017 går til ansvarleg redaktør i VG Gard Steiro. Han får prisen mellom anna fordi han har mjukna opp språkpolitikken i avisa.

– Målprisen er den største prisen vi i Noregs Mållag deler ut. Den går til ein person eller ein institusjon som har gjort ein særleg innsats for nynorsken. Det er veldig stas for oss å få lov å dele ut denne prisen seier mållagsleiar Magne Aasbrenn til Nynorsk pressekontor.

– Eg må først seie at det er ei stor ære å vinne ein slik pris. Samstundes ser eg på lista over tidlegare prisvinnarar at det er mange som har gjort mykje meir for nynorsken enn det eg og VG har gjort, seier Steiro.

Har opna døra for nynorsken

Steiro og VG vinn mellom anna prisen for å ha opna opp for nynorsken på redaksjonell plass.

– Etter at Gard Steiro overtok redaktørstolen i VG har det blitt ei oppmjuking av språket. Journalistane kan no bruke nynorsk der det er naturleg. Han har med andre ord sett døra på gløtt for nynorsk i VG, fortel Aasbrenn.

– Vi har mjukna opp nynorsklinja fordi vi skal vere ei avis for heile folket. Då er det underleg med eit forbod mot nynorsk, fortel Steiro.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn deler ut Målprisen 2017 til Gard Steiro. Foto: Noregs MållagMållagsleiar Magne Aasbrenn deler ut Målprisen 2017 til Gard Steiro. Foto: Noregs Mållag

Ikkje eit resultat av ytre press

– Det er ein lang strid som ligg i botn for prisutdelinga i år. For ti år sidan samla vi inn over 36.000 underskrifter for å sikre nynorsk i VG og Dagbladet. Det har vore drypp av nynorsk i VG tidlegare, men no ser vi det på redaksjonell plass og det er nytt, seier Aasbrenn.

Steiro fortel at oppmjukinga ikkje var eit resultat av ytre press.

– Oppmjukinga kjem som eit resultat av vurderingar vi har gjort internt. Ikkje som resultat av press frå Mållaget eller andre, seier han.

Prisen blei delt ut i samband med nynorsk motivasjonsdag for lærarar frå Oslo og Akershus.

– Det at nynorsken får plass i VG trur eg heilt klart er med på å motivere denne gruppa, seier mållagsleiar Aasbrenn.

Utskrift E-post