Nynorsk redaktørpris 2017 til Gard Steiro i VG

Gard Steiro fekk prisen på haustmøtet til Norsk redaktørforening i Bergen onsdag. Foto: Berit RekveGard Steiro fekk prisen på haustmøtet til Norsk redaktørforening i Bergen onsdag. Foto: Berit Rekve

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør i VG, Gard Steiro, får Nynorsk redaktørpris for 2017. 

 


Steiro får prisen for å ha opna opp for nynorsk på redaksjonell plass i VG. 

- Når Mediemållaget i år feirar 40 år, og vi dessutan står framfor feiringa av 200-årsdagen til Aasmund Olavsson Vinje, pressemannen som alle norske mediefolk står på akslene til, er det gildt å kunna tildela nett denne prisen, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget

Grunngjeving:

Opninga for nynorsk på redaksjonell plass i VG er ei historisk vending. Det viser språkleg leiarskap og forståing for språksituasjonen og nynorsk som jamstilt riksspråk. Opninga for nynorsk er i ånda til jamstellingsvedtaket frå 1885.

Ansvarleg redaktør Gard Steiro har eit respektfullt og inkluderande syn på lesaren og  set det i samanheng med ønsket om at mediehuset han er leiar for skal vera for heile folket. Dette inngår i ei forståing for kor avgjerande eit inkluderande og vidt offentleg ordskifte er for media, for styrking av tillit og mindre fragmentering.

For alle lesarar, men særleg for born og unge som skal læra å finna si eiga skriftlege røyst, er det vesentleg å møta aksept for språket sitt i dei store media, anten det er på papir eller andre plattformer. I vår digitale verd er vegen til denne lesaren over heile landet kortare og enklare enn før. At nett VG vil publisera artiklar på nynorsk om mange tema, er eit signal til nynorskbrukarar om at språket er likeverdig og like brukande i alle samanhengar som bokmål, at jamstellinga og mangfaldet har verdi.

Om prisvinnaren

Gard Steiro har vore ansvarleg redaktør og administrerande direktør for VG sidan januar 2017. Før det var han nyhenderedaktør same stad.

Steiro har bakgrunn som sjefredaktør, nyhenderedaktør og journalist i Bergens Tidende. Han har òg vore journalist i Bergensavisen.

Utskrift E-post