Ordførarar reagerer på at færre kommunar får flyktningar i 2018

Gunhild Berge Stang er ordførar i Fjaler i Sogn og Fjordane. Foto: Jostein Vedvik/VenstreGunhild Berge Stang er ordførar i Fjaler i Sogn og Fjordane. Foto: Jostein Vedvik/Venstre

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet har bestemt at 210 kommunar skal busette flyktningar i 2018. Det er ein reduksjon på 200 kommunar frå i år. Dette får ordførarar i fleire mindre kommunar til å reagere. 

 

Flyktningstraumen til Noreg har minska kraftig det siste året. I år tok 411 kommunar imot flyktningar. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har bestemt at berre 210 kommunar skal ta imot flyktningar i 2018, ifølgje NRK.

Fleire småkommunar, som har bygd opp eit apparat for å handtere busetting og integrering av flyktningar, får ingen nye flyktningar neste år. Dette reagerer fleire ordførarar på.

– IMDi har bestemt at det berre er dei største kommunane som skal ta imot flyktningar neste år. Dette er veldig korttenkt. Vi veit at behova for busetting vil svinge. Difor blir det feil at mange no må byrje å byggje ned mottaksapparatet. Det må vere eit mål at alle kommunar alltid skal ha eit likeverdig tilbod, seier Gunhild Berge Stang, som er ordførar i Fjaler i Sogn og Fjordane, til Nynorsk pressekontor.

Blir eit jojo-system

Berge Stang meiner IMDi no legg opp til eit jojo-system i integreringsarbeidet.

– Kommunane må få moglegheit til å byggje opp kompetanse på integrering over tid. Ved at ein det eine året skal busette flyktningar og det neste året ikkje skal busette flyktningar, så får ein eit ustabilt jojo-system, seier Berge Stang.

Berge Stang meiner ein kan løyse problemet med å ta i mot fleire kvoteflyktningar.

– Det er ein enkel måte å hindre at kommunane må byggje ned mottaksapparata sine. På den måten kan ein halde i gang eit stabilt tenestetilbod, seier ordførar Berge Stang.

– Lettare for å integrere flyktningar

Også ordføraren i Smøla kommune reagerer på at mindre kommunar ikkje får busette asylsøkjarar i 2018.

– Eg forstår ikkje det nivået dei legg seg på. Små kommunar har lettare for å integrere flyktningar, seier ordførar i Smøla kommune Roger Osen (Ap) til NRK.

Direktør Libe Rieber-Mohn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet forsvarar praksisen.

– Dei har no ei lomme og god moglegheit til å satse fullt på kvalifisering og få fleire over i arbeid og utdanning, seier ho til NRK.

(©NPK)

Utskrift E-post