Ravatn kan vinna internasjonal litteraturpris

Forfattar Agnes Ravatn er i London i samband med at suksessromanen hennar «Fugletribunalet» blir lansert på engelsk. Foto: Emil Mohr / NTB scanpix / NPKForfattar Agnes Ravatn er i London i samband med at suksessromanen hennar «Fugletribunalet» blir lansert på engelsk. Foto: Emil Mohr / NTB scanpix / NPK
Ho er éin av to nynorskforfattarar på langlista til Dublin Literary Award.

Nynorskforlaget Samlaget kan notere seg at dei har to forfattarar inne på langlista til prestisjeprisen Dublin Literary Award.

Både Brit Bildøen og Agnes Ravatn er med når langlista med forfattarar som har ein sjanse til å vinne Dublin Literary Award er klar. Dei er inne med høvesvis «Sju dagar i august» og «Fugletribunalet».

Også Cappelen Damm kan notere seg at ein av forfattarane deira er med.

Ikkje berre blei Roy Jacobsen nyleg kortlista til den internasjonale Man Booker-prisen. No er romanen «De usynlige» også med på langlista til Dublin Literary Award.

Det er tredje gong Roy Jacobsen er nominert til denne prisen.

Dublin Literary Award blir delt ut årleg til ein roman som er publisert på engelsk. Prisen består av 100.000 pund og blei første gong delt ut i 1996.

I april 2018 kjem kortlista mens vinnaren av prisen blir kjent 13 juni.

Frå nabolanda våre noterer vi oss at kjenningar som Minna Lindgren (Finland), Yrsa Sigurdardottir (Island) og Fredrik Backman (Sverige) har fått plass på langlista.

Utskrift E-post