Utfordrande målformval i nye Telemark-Vestfold

Verken i nynorskfylket Telemark eller bokmålsfylket Vestfold har målforma vore diskutert i samanslåingsprosessen. Språkrådet tilrår språknøytralitet, men i Telemark fryktar dei at det kan føre til at nynorsken blir gløymd.

 

– Nøytralitet kan vere eit grep, men eg er litt skeptisk til det, for å vere ærleg, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) i Telemark til NRK.

For Løkslid er det ikkje urealistisk å tenkje seg nynorsk som administrativt skriftspråk i den nye regionen. Han peikar på at også vestfoldingar kan lære seg å skrive og lese nynorsk, sjølv om dei ikkje bruker målforma i dag.

Fylkesordførar Rune Hogsnes (H) i Vestfold ser ikkje nynorsk som noko aktuelt alternativ i det heile, men han er open for at fylket kan bli språknøytralt.

– Ingen kommunar i Vestfold har noko anna enn bokmål, så når det gjeld akkurat nynorsk, blir nok ikkje det særleg aktuelt, seier Hogsnes til NRK.

Både Språkrådet og Noregs Mållag meiner språknøytralitet kan fungere dersom det blir laga reglar for korleis målformene skal brukast.

Stortinget vedtok i juni at dei to fylkeskommunane skal bli eitt frå 2020. Fylkestinget i Vestfold har gått inn for samanslåinga, mens fylkestinget i Telemark i april sa nei.

(©NPK)

Utskrift E-post