Sikrar framtida til LNK med millionløft for nynorsken

Nynorskjubel for budsjettforliket.

Venstre og KrF har blitt samde med regjeringspartia om eit løft for nynorsken i forhandlingane om nytt statsbudsjett.

Magne Aasbrenn i Mållaget. Foto: Noregs Mållag.

– Noregs Mållag er veldig glade for dei auka løyvingane til både oss, Det Norske Samlaget og mange andre gode tiltak. Det viktigaste er likevel at løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er på plass, og sikrar gode nynorsktiltak for barn og unge, som Framtida, Framtida junior og Pirion, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Takkar KrF og Venstre spesielt

Magne Aasbrenn vil spesielt peika på Terje Breivik i Venstre og Tore Storehaug i KrF:

– Nynorskbrukarane har mange vener på Stortinget. Dette er to av dei viktigaste. Dei veit å prioritere nynorskspørsmål også når ein må prioritere hardt.

Tore Storehaug (KrF) er glad for å sikra eit løft for nynorsken. Foto: Privat

LNK får ei påplussing på 1,2 millionar, Noregs Mållag får 1,1 million ekstra, Vinje-senteret får 1,6 millionar, produksjonstilskotet til aviser aukar med 5 millionar, Hordaland Teater får 1 million ekstra og Det Norske Samlaget får ei løyving som ligg éin million over regjeringas opphavlege utkast.

– Eg er veldig fornøgd med at vi leverer desse postane. Budsjettforliket sine nynorskpostar er kanskje ikkje dei største, men dei betyr mykje og gir mykje godt språk for kvar krone! skriv Tore Storehaug (KrF) i ein sms til Framtida.no.

Sikra støtta

Dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vidar Høviskeland, er letta og glad over at støtta held fram utan kutt. Han er òg glad for at heile støtta vil koma frå Kulturdepartementet, slik ho gjorde for fire år sidan.

– Løyvinga hjelper oss i å gjera jobben vår for å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd og i dei populære tilboda våre for barn og unge, understrekar Vidar Høviskeland.

Han er glad for at Venstre og KrF saman med gode nynorskfolk innanfor regjeringspartia har vore med på å løfta fleire nynorskorganisasjonar.

Helge André Njåstad (Frp) skriv i ein sms til Framtida.no at det er veldig hyggeleg å bidra til ei løysing for LNK i år også. I sist stortingsperiode var han sentral for å få sikra framleis støtte til LNK gjennom Kommunalkomiteen på Stortinet.

– Eg er veldig glad for at det vart funne rom til desse organisasjonane og institusjonane som bidrar med ein forskjell for å fremja nynorsk på eit breitt grunnlag. Dette gjev grunnlag for at vi kan jobba for at det nynorske målet vil ha ein viktig plass i framtida, seier Liv Kari Eskeland (H) til Framtida.no.

Utskrift E-post