Kringkastingsprisen til Anne Lognvik

NRK-profilen Anne Lognvik i NRK Telemark fekk torsdag overrekt Kringkastingsprisen for god språkbruk gjennom mange år i distriktssendingane i Telemark og i Norge Rundt.

 

Lognvik har røter i Rauland i Telemark og har arbeidd i NRK Telemark sidan åttitalet. Der har ho mellom anna arbeidd ved lokalkontoret i Seljord og vore distriktsredaktør i Porsgrunn.

– Årets prisvinnar har vist at dialekten hennar og nynorsk er eit mediespråk som høver i alle samanhengar, seier Guro Kvalnes, styreleiar i Kringkastingsringen, som deler ut prisen.

– Telemark er eit fylke med store variasjonar. Med Seljord og Bø som over lengre tid har vore under press frå nærliggjande bokmålsområde. Lognvik er med på å styrkje dialekttryggleiken i Telemark, seier Kvalnes.

I grunngivinga peikar elles juryen på at Lognvik med sin støe nynorsk og trygge raulandsdialekt har ført det norske språkmangfaldet til mange heimar i Telemark og i Noreg.

Fakta om Kringkastingsprisen

* Kringkastingsringen har delt ut prisen kvart år sidan 1978. Organisasjonen arbeider for at «nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkomme rom i allmennkringkastinga og media elles».

* Tidlegare vinnarar er mellom andre Arill Riise (2016), NRK Super (2015), Morten Sandøy (2011), Are Kalvø (2005), Ingvild Bryn (1998) og Ingrid Espelid Hovig (1986).

* Prisen går til «ein som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet».

* Vinnaren får eit grafisk blad.

(©NPK)

Utskrift E-post