Regjeringa justerer grensene i kystkommunar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Vågsøy kommune og kommunane Eid/Selje i Sogn og Fjordane blir justert slik at området Bryggja blir flytta frå Vågsøy til Eid/Selje. 

 

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som dei nye kommunane Vågsøy/Flora og Eid/Selje trer i kraft, heiter det i ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere sidan begge partar viser til gode og saklege argument for sitt syn. Saka har vore grundig behandla frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og i departementet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i pressemeldinga.

Initiativet til å flytte området Bryggja kom frå ein stor del av innbyggjarane i bygda Bryggja. Som del av utgreiinga har Fylkesmannen gjort ei spørjeundersøking blant innbyggjarane i Bryggja. Resultata viste at eit klart fleirtal (79 prosent) ønskte å bli ein del av den nye kommunen Eid/Selje.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at dei økonomiske ulempene og tenesteutfordringane for den nye kommunen av Flora/Vågsøy ikkje er så store at dei må vektleggjast sterkare vekt enn omsyna som talar for å gjennomføre grensejusteringa.

(©NPK)

Utskrift E-post