Det nye namnet på Telemark og Vestfold er Vestfold og Telemark

Fylkespolitikarane i Vestfold og Telemark har kome fram til at den nye regionen deira skal heita – Vestfold og Telemark.

 

Nokre hadde lyst til å kalla den nye regionen Viken. Men det namnet hadde ein annan region allereie teke, skriv VG.

Skagerak blei føreslått. Men det blei for maritimt, meinte telemarkingane. Vest-viken blei også fremja, men det brukte Nasjonal Samling på Buskerud og Vestfold under den andre verdskrigen.

Dermed tyder alt på at det nye namnet på den nye regionen blir Vestfold og Telemark. Det går fram av avtalen som er forhandla fram om ny region, som skal behandlast av fylkestinget i Telemark denne veka og i fylkestinget i Vestfold i neste veke.

Fylkesordførar Rune Hogsnes (H) i Vestfold er ikkje heilt ueinig i at namnet kanskje er litt fantasilaust.

– Vi har prøvd lenge å koma fram til eit nytt namn som begge fylka kunne einast om. Men verken Skagerak, Viken eller Vest-Viken skapte semje, seier han.

Hogsnes legg til at han no har godteke Vestfold og Telemark etter ein viss modningsprosess, mellom anna fordi Vestfold står først i det nye regionnamnet.

Dette har fylkeskommunane Vestfold og Telemark konsultert Språkrådet om, og rådet derifrå er at Vestfold med dei to stavingane sine bør stå før Telemark med tre stavingar.

Utskrift E-post