Marit Eikemo får 100.000 kroner i stipend

 

Foto: Agnete Brun/SamalgetFoto: Agnete Brun/Samalget

Forfattaren Marit Eikemo har fått eit arbeidsstipend frå Det Norske Samlaget på 100.000 kroner. 

 

Det fortel Hardanger Folkeblad.

I tildelingsbrevet som avisa siterer frå, skriv forlagsdirektør Edmund Austigard at Marit Eikemo er mellom dei mest sentrale skjønnlitterære forfattarane i Noreg, og at forlaget er svært stolt av å gje ut bøkene hennar.

Marit Eikemo er på si side svært glad for støtta og for at forlaget trur på henne. Det er ikkje knytt vilkår til stipendet, men Eikemo skriv at ho lovar å gjera sitt beste.

Eikemo er i dag dagleg leiar ved Cornerteateret i Bergen. Ho debuterte i 1999 og har sidan gjeve ut ei essaysamling og fire romanar. Forfattaren har tidlegare blitt heidra med fleire prisar for forfattarskapen sin, og i juni neste år blir ho festivalforfattar under Dei nynorske festspela.

(©NPK)

Utskrift E-post