Mållaget gler seg over Venstre i regjeringsforhandlingar

Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag stoler på Venstre og håper partiet får gjennomslag for gode tiltak for nynorsken i regjeringsforhandlingane. Foto: Noregs MållagLeiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag stoler på Venstre og håper partiet får gjennomslag for gode tiltak for nynorsken i regjeringsforhandlingane. Foto: Noregs Mållag

Noregs Mållag trur nynorsken kan få betre gjennomslag med Venstre i regjering.

 

– I over 100 år har Venstre vore til å stole på når det gjeld nynorskspørsmål. Så vi har tru på at vi får vedtatt nokre gode ting, seier leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, til NRK.

Landsstyret i Venstre gjekk i helga inn for at partiet skal gå inn i regjeringsforhandlingar med Høgre og Framstegspartiet på nyåret.

– Vi håpar no at barn lærer å skrive sidemål tidlegare. Då ven elevane seg til at vi har to offisielle språk her i landet. Då slepp sidemål å bli introdusert når du er 12–13 år, puberteten er der, og du protesterer mot det meste, seier Aasbrenn.

Foreslår Venstre-krav

Mållaget har notert seg at Vestre saman med KrF prioriterte innspela frå målrørsla i budsjettforhandlingane med regjeringa, og håper no at Venstre vil kjempe for målsak i regjeringsforhandlingane òg. Der meiner dei tre saker er særs viktige:

* Språkdelt ungdomsskule med reine nynorsk- eller bokmålsklasser ut tiande klasse, ikkje berre ut sjuande

* Tidlegare start på sidemålsundervisninga i skulen

* Krav til læremiddel for vaksne innvandrarar må inn under opplæringslova, slik at dei kjem til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk.

– Norskfaget er under revisjon. Denne revisjonen bør føre til betre sidemålsundervisning, som både gir meir kunnskap og mindre fordommar, seier Aasbrenn.

– Sidemål skal vere valfritt

Torgeir Fossli, fylkesleiar i Telemark Venstre, kan ikkje seie noko om Venstre vil ta med seg sakene til Mållaget inn i forhandlingane, men han har tru på at nynorsken vil bli styrkt.

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) er ikkje like opptatt av det.

– Vi meiner det er viktig å vere god i norsk. Derfor skal det vere eit hovudmål. Sidemål skal vere valfritt, seier Hoksrud.

(©NPK)

Utskrift E-post