Stor interesse for Agnes Ravatn i utlandet

Forfattar Agnes Ravatn har suksess i utlandet. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPKForfattar Agnes Ravatn har suksess i utlandet. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK
Til saman er «Fugletribunalet» selt til 11 land.

Boka «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn blei nyleg selt til Italia, Frankrike og Bulgaria.

«Fugletribunalet» kom ut i 2013, og opplaget er no oppe i 35.000. Ravatn har fått P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen for boka, skriv Samlaget i ei pressemelding.

Også Ravatn si siste bok, «Verda er ein skandale», er nyleg selt til Tyskland.

Utskrift E-post