Nytt rekordår for Framtida.no

Ragnhild Sofie Selstø, Christian Wiik Gjerde, Runar B. Mæland, Janne Nerheim, Arnt Olav Foseide og Svein Olav B. Langåker på kontoret på kontoret til Framtida.no i Oslo.Ragnhild Sofie Selstø, Christian Wiik Gjerde, Runar B. Mæland, Janne Nerheim, Arnt Olav Foseide og Svein Olav B. Langåker på kontoret på kontoret til Framtida.no i Oslo.

Nyhende- og debattavisa for unge hadde rekordmange lesarar og siteringar i 2017.

 

I løpet av 2017 har over 825.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein auke på 350.000 samanlikna med i 2016 – og ny rekord med klar margin for den nynorske nyhende- og debattavisa for unge.

I snitt var rett over 20.000 brukarar innom Framtida.no kvar veke, ein auke på nesten 8000 frå året før.

I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert rekordmange gonger, ifølgje Retriever og buyandread.com.

– Det viser at journalistikken vår blir lagt merke til. Det er me veldig glade for, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Historia om eit islandsk fotgjengarfelt er lese over 155.000 gonger – det er òg rekord med klar margin. I oktober var saka den nest mest delte saka i sosiale medium i heile Noreg, ifølgje Storyboard.

Les den redaksjonelle rapporten her!Les den redaksjonelle rapporten her!

Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord, og er no på jakt etter nye journalistar.

Framtida.no blir drive av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og ABC Startsiden.

I snitt brukte lesarane til Framtida.no to minuttar og ni sekund per side, 14 sekund meir enn året før. Med over 1,5 millionar sidevisingar, blir dette 2353 døgn med samanhengande lesing. Talet på sidevisingar gjekk opp med 48 prosent.

Utskrift E-post