Mållaget: – Ta kunnskapsminister-posten, Trine Skei Grande!

– Skal Venstre gå i regjering, bør Venstre sikre seg posisjonen som kunnskapsminister. Og aller helst bør det vere partileiar Trine Skei Grande som blir landets neste kunnskapsminister, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

 

Han trur det kan vere bra for nynorskelevane – og for Venstre.

– Posten som kunnskapsminister er sjølve framtidsministeren. Her kan Venstre-leiaren leggje premissane for korleis morgondagens Noreg skal sjå ut. Der må det vere like lett å vere nynorskelev som å vere bokmålselev, og der må alle elevar få god opplæring i båe dei jamstilte skriftspråka våre, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

Han håpar særleg at Venstre sikrar gjennomslag for tidlegare start med sidemålsundervisning og for at elevar med nynorsk hovudmål skal få gå i nynorskklasse ut ungdomsskulen, i tillegg til å sikre vaksne innvandrarar til nynorskområda norskopplæring på nynorsk.

– Eg er optimistisk med tanke på Venstre sine sjansar til å få gjennomslag ettersom det er eit nynorskvenleg fleirtal på Stortinget. Det er betre å gje Venstre desse sigrane i forhandlingane enn å gå på tap etter tap i stortingssalen, meiner Magne Aasbrenn.

Utskrift E-post