Slik skal Bergen bli nynorskens hovudstad

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) har i dag lansert ein plan for meir nynorsk i Bergen. Foto: Hordaland ApByrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) har i dag lansert ein plan for meir nynorsk i Bergen. Foto: Hordaland Ap
– Historisk, seier Mållaget om planen byrådet i Bergen la fram i dag.
– Vestlandet er nynorskens hage, og Bergen må gjødsle han, seier byrådsleiar Harald Schjelderup til Bergens Tidende. Han vil innføre nynorskkvote på all informasjon frå kommunen.

Bakgrunnen er eit bystyrevedtak frå 2016 der «byrådet legg fram ei sak som viser korleis kommunen gjennom ein aktiv språkpolitikk kan bidra til at Bergen tar sitt språklege ansvar som Vestlandets nynorskhovudstad».

– Eg skriv sjølv bokmål, og likte ikkje nynorsk noko særleg då eg var elev. Men eg har snudd. Eg innser betydninga av at vi tar eit ekstra ansvar for nynorsken, seier Schjelderup.

Tiltak
Dette er nokre av tiltaka byrådet vil setje i verk:
  • Tilsette i byrådsavdelingane kan bruke den målforma dei ønskjer. Men innbyggjarar skal få svar i same målform som dei skriftleg vende seg til kommunen med.
  • Informasjon om retten til å velje eit anna opplæringsmål enn det skulen har som opplæringsmål, skal gjerast lett tilgjengeleg.
  • Både i barnehage og skule skal det leggjast til rette for at barna tidleg møter og blir kjente med begge målformer.
  • Ti prosent av all utoverretta kommunikasjon frå Seksjon informasjon skal vere på nynorsk. Det same gjeld kommunen si årsmelding.
  • Tilsette som ønskjer kurs i nynorsk må få tilbod om dette.

– Hevar statusen

– Det arbeidet som Bergen kommune no har teke fatt på, er historisk. Aldri før har ein av storbyane våre sagt så klart ifrå at nynorsken har ein plass i byen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Noregs Mållag har lenge arbeidd for og ønskt seg ein slik plan som sikrar eit minimum av nynorskbruk i Bergen.

– Det at Bergen no formar ut ein plan for målbruk som så klart slår fast at nynorsken har ein plass i Bergen, og som ønskjer å stø opp om han, er viktig for statusen til nynorsken på heile Vestlandet, seier Aasbrenn.

Utskrift E-post