Kven bør bli Årets nynorskbrukar 2018?

Forfattar Maria Parr er ein av dei som tidlegare har vorte kåra til årets nynorskbrukar. Foto: Agnete Brun, Samlaget (arkiv)Forfattar Maria Parr er ein av dei som tidlegare har vorte kåra til årets nynorskbrukar. Foto: Agnete Brun, Samlaget (arkiv)

Nynorsk kultursentrum ber om forslag til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar 2018». Alle som vil, kan føreslå kandidatar.

 

– Dette er den fremste nynorskprisen og ein av dei få som dekkjer alle samfunnsområde, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Fristen for å føreslå kandidatar er sett til torsdag 15. februar. Styret i Nynorsk kultursentrum tek si avgjerd få veker seinare. Prisen er på 100 000 kroner og blir kvart år delt ut ved opninga av Dei nynorske festspela. I fjor hadde styret 38 kandidatar å velje mellom.

Prisen er på 100 000 kroner

Ein e-post til Admin(alfakrøll)aasentunet.no med eit namn og ei kort grunngiving er alt som skal til.

Først og fremst er dette ein pris for viktig innsats dei siste åra.

– Mange bør prisast for innsatsen sin over lang tid, men Nynorsk kultursentrum vil med denne prisen særleg framheve det som skjer her og no, på ulike samfunnsområde, seier Grepstad.

Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk. Og som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Utskrift E-post