15 av 28 kommunar fekk arealplan-medhald

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gav kommunane medhald i 15 av 28 saker der statlege organ, fylkeskommunar, Sametinget eller ein nabokommune hadde levert motsegn mot ein kommunal arealplan.

 

Berre i seks av sakene vart motsegna tatt til følgje, mens departementet i sju saker kom fram til ei mellomløysing.

Departementet konstaterer i ei pressemelding at Solberg-regjeringa i langt større grad enn regjeringa før har gitt kommunane medhald i desse sakene. Under Solberg-regjeringa har kommunane fått medhald i vel halvparten av sakene, mot under ein firedel mens dei raudgrøne sat ved makta.

(©NPK)

Utskrift E-post