Mållaget vil har rask avgjerd om fylkesnamn

Magne Aasbrenn er leiar i Noregs Mållag. Foto: NMMagne Aasbrenn er leiar i Noregs Mållag. Foto: NM

Stortinget må snarast rydde opp i dei omdiskuterte fylkesnamna Vestlandet, Innlandet og Viken før dei festar seg, oppmodar styret i Noregs Mållag.

 

Mållagsstyret meiner det hastar å rydde opp i dette før "bordet fangar" på tvers av faglege vurderingar.

– Noregs Mållag ber derfor om at nye fylkesnamn så snart som råd kjem opp i Stortinget, og at Stortinget i sitt samla vedtak stør seg på råda til Språkrådet, skriv styret i Mållaget.

Språkrådet har foreslått Opplanda som namn på eit samanslått Oppland og Hedmark og har stilt seg kritisk til at eit samanslått Sogn og Fjordane og Hordaland skal heite Vestlandet, ettersom det nye fylket berre dekkjer ein del av det som tradisjonelt har vorte kalla Vestlandet.

Mens Buskerud, Akershus og Østfold vil slå seg saman til Viken, har Språkrådet tilrådd forma Vika, ettersom det stemmer betre med det som er vanleg uttale av hokjønnsordet vik i bunden form i området.

Utskrift E-post