Kringkastingsringen: NRK-omlegging kunne styrkt nynorsken

Målorganisasjonen Kringkastingsringen er ikkje mindre uroleg for framtida til distriktskontora i NRK etter at NRK onsdag gav etter for den kraftige kritikken mot omlegginga av dei lokale tv-sendingane.

 

Klagane strøymde på etter at NRK etter nyttår erstatta den faste 15-minuttssendinga med regionale nyheiter før Dagsrevyen med tre sendingar à 4 minutt. Onsdag snudde kanalen og lovde igjen lengre distriktssendingar.

– Vi har rett og slett undervurdert den enormt sterke relasjonen sjåarane har til tv-nyheitene frå sitt distrikt, sa distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen i NRK onsdag.

Men retretten løyser ikkje den minkande ressursbruken ved distriktskontora til NRK, meiner Kringkastingsringen, som helst hadde sett at NRK heldt fast på det nye opplegget.

– Distriktskontora bør styrkjast, men når det skortar på ressursane, må ein gjere det beste ut av det ein har. At gode journalistar ved distriktskontora, mange av dei nynorskjournalistar, skulle få meir tid til å lage kvalitetsjournalistikk, var positivt. Det kunne gjort at nynorsk fekk ein meir framståande posisjon på NRKs flater, seier styreleiar Guro Kvalnes i Kringkastingsringen.

Kvalnes trur NRKs ønske om å produsere meir kvalitetsstoff på alle flater kunne gitt meir nynorsk. For NRK strevar stadig med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk. På NRK.no var i 2016 nynorskdelen så låg som 17 prosent, gjekk det fram av den siste Allmennkringkastingsrapporten frå Medietilsynet. Den prosentdelen kunne ha vorte høgare om distriktsjournalistane fekk levere meir stoff på nettet, meiner Kringkastingsringen.

– Eg tør nesten ikkje tenkje på korleis posisjonen til nynorsken i NRK hadde vore utan distriktskontora. Samanhengen mellom nynorskdelen, dialektmangfaldet og distriktskontora er udiskutabel, seier Kvalnes, som er spent på kva planar kringkastinga no kjem opp med for distriktskontora framover.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post