Kommunal Rapport: Utval foreslår fleire fylkesoppgåver

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPKKommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Ekspertutvalet for regionreforma foreslår å flytte oppgåver frå staten til fylkeskommunane. Kommunalminister Monica Mæland (H) får rapporten torsdag.

 

Ifølgje Kommunal Rapport foreslår utvalet ei omfattande oppgåveoverføring frå Fylkesmannen, direktorat og andre statlege verksemder til dei nye fylkeskommunane.

Utvalet har «gått nokså drastisk til verks», seier ei sentral kjelde om arbeidet som er gjort. Etter det vekeavisa erfarer, foreslår utvalet å legge ned fem direktorat eller statlege verksemder, og å vesentleg slanke tre til fem andre direktorat. Oppgåver og ansvar blir foreslått flytta til dei politisk styrte fylkeskommunane.

Oppgåveoverføringa svarar til om lag 15 milliardar kroner i økonomiske ressursar.

Utvalet skal ha tatt utgangspunkt i oppgåver som fylkeskommunen allereie har, og foreslår nye oppgåver som er nærliggjande. Fylkeskommunane har ansvaret for vidaregåande opplæring og fagskular, og utvalet foreslår fleire oppgåver knytt til dette.

Det blir foreslått å flytte ei rad politiske skjønnsoppgåver frå Fylkesmannen til fylkeskommunen. Truleg inkluderer dette å flytte forvaltninga av skjønnsmiddel, som Fylkesmannen i dag fordeler til kommunane etter behov.

Forvaltningsoppgåver i Fylkesmannens miljøavdeling og landbruksavdeling blir truleg også foreslått overført. Dette er eit ønske i fylka og er blitt foreslått av eit mindretal i Stortinget.

Utvalet vil truleg foreslå å styrke verkemidla i plan- og bygningslova, slik at regionale planar blir meir forpliktande.

Mæland sa nyleg til vekeavisa at ho vil bruke den tida som er nødvendig for å få til politiske forslag om oppgåveoverføring til regionane. Målet er å fremme eit forslag i år, før sommaren om mogleg.

(©NPK)

Utskrift E-post