Utval vil gi fylka 5.000 nye jobbar til fylkeskommunane

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPKKommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Eit ekspertutval foreslår å flytte nærare 5.000 statlege arbeidsplassar til fylkeskommunane. Bufetat og Imdi er blant fem etatar som blir foreslått lagde ned.

 

Utvalet, som har vore leidd av professor Terje P. Hagen, foreslår endringar som samla inneber ei overføring av 23,5 milliardar kroner frå statlege institusjonar til fylkeskommunane.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) omfattar 3.600 årsverk. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) utgjer 245 årsverk.

Utvalet foreslår òg å leggje ned og overføre Statleg pedagogisk teneste (Statped) med 745 årsverk. I tillegg kjem nedlegging av Kompetanse Noreg (tidlegare Vox) med 95 årsverk, Selskapet for industrivekst (Siva) med 45 årsverk og Kompetansesenter for distriktsutvikling med 25 årsverk.

Positiv mottaking

På Stortinget er responsen positiv frå fleire parti. Willfred Nordlund i Sp og Eirik Sivertsen i Ap kjenner igjen fleire forslag som partia deira sjølve har tatt til orde for, i tilrådingane frå utvalet.

– No må regjeringa følgje opp, både når det gjeld forslaga om oppgåver og ved å gi fylka økonomisk rom til å løyse oppgåvene, seier Nordlund.

– Regjeringa må snarast ekspedere dette, slik at Stortinget rekk å behandle dette før sommaren, følgjer Sivertsen opp.

Torhild Brandsdal i KrF meiner det no ligg an til ei demokratisering og desentralisering av makt.

– Vi har lenge arbeidd for ei regionreform med reell oppgåveoverføring og meir makt frå staten til sterkare regionar. Dette har ekspertutvalet levert godt på, seier ho.

– Useriøst

Fylkesordførarane i den nye Vika-regionen gler seg òg over tilrådingane frå utvalet, som òg får tilslutning frå kommuneorganisasjonen KS.

– Føresetnaden er at regjeringa legg fram ei sak som byggjer på forslaga frå ekspertutvalet, for Stortinget, slik at dette kan behandlast i vårsesjonen, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS.

Norges Bondelag er på si side kritisk til å flytte ansvaret for investeringsmidlane i landbruket frå Fylkesmannen, mens Karin Andersen i SV klagar over høyringsfristen på seks veker.

– Dette er så omfattande forslag at ein så kort høyringsfrist både er udemokratisk og heilt useriøs. Eg kan ikkje tolke dette som noko anna enn at regjeringa eigentleg ikkje ønskjer så store endringar, seier ho til NTB.

Omfattande

Forslaga omfattar endringar innanfor nær sagt alle forvaltingsområde, størsteparten innanfor næring, innovasjon og forsking, kultur, samferdsel og integrering og barnevern.

Utvalet vil flytte halvparten av oppdragsgivaransvaret for dei offentlege pengane som Innovasjon Noreg i dag forvaltar, til fylkeskommunane. Statped foreslår dei å dele opp ved at PPT-oppgåvene blir flytta til fylkeskommunane, mens Utdanningsdirektoratet får ansvaret for resten. Elles omfattar forslaga endringar som spenner frå Nav, Bane Nor og Kulturdepartementet – til fordeling av spelemidlar til idrettslag og bibliotek.

– Viktige innspel

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) fekk overlevert rapporten torsdag. Ho seier at utvalet har gjort eit grundig arbeid, og at dei kjem med viktige innspel.

Rapporten skal no ut på høyring med ein frist på seks veker.

– Oppfølginga av forslaga frå utvalet skal vi sjå i samanheng med dei prosessane vi allereie har gåande for å vurdere nye oppgåver til fylkeskommunane, seier Mæland.

Fakta om forslag om ny fylkeskommune
Ekspertutvalet foreslår mellom anna å flytte dette til fylkeskommunane:

Næring, kompetanse og integrering
* Minst halvparten av Innovasjon Noreg.
* Selskapet for industrivekst – Siva.
* Halvparten av Forskningsrådets midlar til næringsretta forsking.
* Regionalt næringsprogram.
* IBU-midlane (investeringar og utvikling i landbruket).
* Distriktssenteret.
* Halvparten av investeringsmidlane til Arktis 2030.
* Karriererettleiinga i Nav.
* Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (Imdi) blir lagt ned, noko blir flytta til departementet, det meste til fylkeskommunen.
 
Samferdsel
* Ansvar for kjøp av fylkesinterne togruter på det sentrale Austlandet. (Blir flytta frå Jernbanedirektoratet).
* Tilskot til utbygging av breiband.
 
Klima, miljø og naturressursar
* Klima- og miljøoppgåvene som Fylkesmannen i dag har ansvaret for, unntatt klagebehandling.
* Regionalt samordningsansvar for klimalova.
* Løyve til utbygging av mindre vasskraft og vindkraftverk.
 
Kultur og kulturminne
* Den Nationale Scene i Bergen og Bergen Filharmoniske Orkester, Landsdelsmusikarane i Nord-Norge o.fl.
* Ei rad museum som blir finansierte over statsbudsjettet.
* Forvalting av spelemidlar til kulturbygg, Den kulturelle skulesekken o.fl.
* Spelemidlane til bibliotek, idrettsanlegg og meir
* Riksantikvarens førstelinjeoppgåver på kulturminnefeltet.
 
Helse og levekår
* Fylkesmannens folkehelseoppgåver – unntatt tilsyn.
* Tilskotsordningar for lokalt og regionalt folkehelsearbeid.
* PPT-tenesta, inkludert rettleiing og støtte til kommunane. Statped blir lagd ned.
* Bufetat blir lagt ned og barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, adopsjon og familievernet blir overført. Men omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under femten år skal halde fram som statlege.
 
Anna
* Flytte plan- og bygningslov-relaterte oppgåver frå Fylkesmannen.
 
Bør greiast ut
* Gi fylkeskommunane i Nord-Noreg større ansvar for Arktisk råd.
* Overføring av barnevernsoppgåvene som i dag ligg til kommunane.
* Tilskot til arbeidsmarknadsopplæring og bedriftsintern opplæring frå Nav.
* Redusere talet på klageheimlar overfor fylkeskommunane.
* Organiseringa av sjukehusa bør vurderast på nytt, inkludert ein fylkeskommunal modell.

(©NPK)

Utskrift E-post