Presenterte programmet for Vinje-jubileet

Leiar for jubileumskomiteen for Vinje-jubileet og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, leia presentasjonen av programmet. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPKLeiar for jubileumskomiteen for Vinje-jubileet og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, leia presentasjonen av programmet. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Torsdag blei programmet for jubileumsåret presentert på Det Norske Teatret i Oslo. Over 200 arrangement skal gå av stabelen på 60 ulike stadar i landet. 

 

– Vi blir aldri ferdige med Aasmund Olavsson Vinje. Han var så moderne og så lite A4 i diktinga og journalistikken sin at det er nødvendig at vi feirar og minnest livsverket hans gjennom heile året, sa leiar i den nasjonale jubileumskomiteen for Vinje-året, Jon Rikard Kleven, under presentasjonen av programmet for jubileumsåret.

Ifølgje Kleven skal jubileet vere med på å gjere fleire medvitne om kva betydning arbeidet til Vinje hadde både då han levde, og no.

– Han var utruleg viktig på svært mange felt. Han var journalist, essayist, lyrikar og samfunnsrefsar. Med jubileet ønskjer vi at fleire skal bli kjende med arbeidet hans, seier han til Nynorsk pressekontor.

Leiar for jubileumskomiteen for Vinje-jubileet og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, (t.v.) og sekretær i jubileumskomiteen Anders Sandvik. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPKLeiar for jubileumskomiteen for Vinje-jubileet og ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, (t.v.) og sekretær i jubileumskomiteen Anders Sandvik. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

 
Vinje satsar stort på Vinje

I tillegg til å vere leiar for jubileumskomiteen er òg Kleven ordførar i Vinje kommune i Telemark. Aasmund Olavson Vinje var frå Vinje og difor satsar kommunen no stort på jubileumsmarkeringa.

– Når ein så profilert person stammar frå vår kommune er det heilt naturleg å legge mykje i ei stor markering. Det trur eg dei fleste kommunar i same situasjon ville gjort, seier Kleven.

Kommunen brukar like mykje pengar på jubileet som mange kommunar brukar på kulturtilbodet for innbyggjarane på eit heilt år.

Går jubileumsmarkeringa utover anna kulturtilbod i Vinje kommune?

Vi brukar om lag ein million kroner på jubileumsfeiringa. I tillegg går det nokre hundretusen med til opprusting av barndomsheimen til Vinje, Vinjestoga. Men det går likevel ikkje utover anna kulturtilbod i kommunen, forsikrar Kleven.

Dokketeateret Blåmann skal på turne i jubileumsåret. Det er Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen som har laga og framfører teateret. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPKDokketeateret Blåmann skal på turne i jubileumsåret. Det er Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen som har laga og framfører teateret. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK
 
 
Over 200 arrangement

Vinje kommune er langt frå dei einaste som skal markere jubileet.

– I samband med jubileet skal vi teppebombe heile landet med Vinje-stoff, sa sekretær i jubileumskomiteen, Anders Sandvik, til Nynorsk pressekontor tidlegare i vinter.

Musikar Tom Roger Aadland hadde urframføring av songen "Sandharpesong" under presentasjonen av programmet. Han har skrive melodien og Kjartan Fløgstad har skrive teksten. Foto: Kjell Åsmund SundeMusikar Tom Roger Aadland hadde urframføring av songen "Sandharpesong" under presentasjonen av programmet. Han har skrive melodien og Kjartan Fløgstad har skrive teksten. Foto: Kjell Åsmund SundeProgrammet som no er lagt fram, ser ut til å stemme godt overeins med det Sandvik sa tidlegare. I programmet kjem det nemleg fram at det skal vere over 200 Vinje-arrangement i år.

– Mangfaldet i jubileumsåret er heilt enormt. Heile programmet rekk vi ikkje å liste opp her. Men eg kan nemne at det svingar frå Vinje-slam og dokketeater til Aasmund-skål i Vinje-akevitt og bispevisitt på Vinje-messe i Vinje kyrkje, sa Sandvik under programpresentasjonen.

Siw Elena Skinnemoen og Eirin S. Skinnemoen er to av bidragsytarane i jubileumsåret. Dei skal på turne rundt om i landet med det nyskrivne dokketeaterstykket Blåmann.

– I stykket møter vi karakterane Aasmund og Blåmann. Stykket handlar om vennskapet mellom dei to og stykket er skrive med utgangspunkt i songen Blåmann Blåmann bukken min, sa dei to under programpresentasjonen.

60 kommunar skal markere

Det er ikkje berre Vinje kommune som skal feire. Heile 60 kommunar skal ha tilstellingar i samband med jubileet. På lista over arrangementsstadar finn ein kommunar som ligg nesten overalt i Noreg. Nokre døme er Oslo, Inderøy i Trøndelag, Lom i Gudbrandsdalen og Ørsta på Sunnmøre.

– Eg ønskje spesielt å trekke fram Gran kommune på Hadeland, som skal ha fleire store arrangement i samband med jubileet, sa Sandvik.

– At så mange vil markere Vinje syner berre kor stor han var. Jubileet blir ein nasjonal dugnad og det er fantastisk at så mange kommunar går inn med eigne økonomiske midlar for å markere han, seier Kleven.

(©NPK)

Utskrift E-post