– «Vestland» er endå verre enn «Vestlandet»

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner Vestland er eit dårlegare namnealternativ enn Vestlandet på det nye storfylket i vest. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix/ NPKDirektør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner Vestland er eit dårlegare namnealternativ enn Vestlandet på det nye storfylket i vest. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix/ NPK
Språkrådet har åtvara mot «Vestlandet» som nytt namn på Hordaland og Sogn og Fjordane.
 

Fylkespolitikarane i Hordaland vedtok i fjor at namnet på det nye storfylket på Vestlandet skulle vere Vestlandet. Torsdag gjorde fylkesutvalet om vedtaket til Vestland. Det meiner Språkrådet er eit dårlegare namn enn det førre alternativet.

– Vår kommentar til det, er at Vestland er eit endå dårlegare alternativ. Vi har åtvara mot «Vestlandet». «Vestland» er eit namn som ikkje finst per i dag, og vi meiner dette kjem til å skape meir forvirring enn oppklaring, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til avisa Bergens Tidende.

Heller ikkje fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen, er nøgd med det nye namneframlegget.

– «Vestland» er jo berre ein nyanseskilnad frå «Vestlandet». I prinsippet er det litt betre, men ikkje bra, seier han til avisa. (©NPK)

Utskrift E-post