Kommunesektoren er innovativ

Tre av fire kommunale verksemder har innført ein eller fleire innovasjonar dei to siste åra. Kommunane lærer av kvarandre og er gode på gjenbruk av idear, syner innovasjonsbarometeret for kommunesektoren.

 

Dette er det aller første innovasjonsbarometeret for kommunesektoren nokon gong.

– Det er aldri før gjennomført systematiske målingar av innovasjonsaktiviteten i sektoren. No kan vi med sikkerheit slå fast at kommunar og fylkeskommunar er innovative. Eit gledeleg funn er at innovasjon går føre seg over heile landet, seier styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen i ei pressemelding.

– Framover må kommunal sektor løyse fleire oppgåver med mindre ressursar. Då er det viktig at sektoren spreier kunnskap om nye løysingar slik at kommunar og fylkeskommunar slepp å finne opp hjulet på nytt og unngår å gjere feil som andre har gjort, seier ho.

Innovasjonsbarometeret er ei undersøking av innovasjon på kommunale arbeidsplassar innanfor sektorane helse og omsorg og oppvekst og utdanning. 1.786 einingsleiarar i kommunale verksemder har svart. Åtte av ti arbeidsplassar innanfor oppvekst og utdanning har innført innovasjonar, mot sju av ti i helse- og omsorgssektoren. (©NPK)

Utskrift E-post