Vinje med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar

Frå hausten går Vinje kommune over til nynorsk som opplæringsspråk for vaksne innvandrarar. 

 

Noregs Mållag er blant dei som helsar vedtaket velkomme.

– Vi tykkjer det er svært gledeleg at Vinje kommune tek steget over til opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar. Dette er eit veldig flott vedtak i sjølvaste Aasmund Olavsson Vinje-året, og vi vonar fleire kommunar i Telemark blir med på å etablera nynorskopplæring no, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Vinje kommune er så langt den einaste kommunen i Telemark som har nynorsk som opplæringsmål for vaksne innvandrarar etter at Nissedal kommune gjekk tilbake til bokmålsopplæring for eit par år sidan, fortel Mållaget i ei pressemelding.

Elles i landet er det ifylgje Mållaget frå før 52 andre kommunar som tilbyr norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar.

Organisasjonen har også henta inn statistikk som syner at stadig fleire vaksne innvandrarar tek delprøvar på nynorsk. Medan det i 2015 var rundt 230 som tok delprøva skriftleg forståing på nynorsk, hadde talet i 2016 auka til 425, og i fjor var det 671 som valde å ta denne prøva på nynorsk.

Sogn og Fjordane toppar statistikken over innvandrarar som tek prøvane på nynorsk, medan Møre og Romsdal kjem på andreplass og Hordaland på tredje.(©NPK)

Utskrift E-post