Nynorsk kultursentrum kjøper Nynorsk.no

Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har kjøpt domenet nynorsk.no.Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har kjøpt domenet nynorsk.no.

Nynorsk kultursentrum har kjøpt domenet Nynorsk.no av Norsk Målungdom.

 

– Vi får den beste nettadressa vi kan ha, og Norsk Målungdom får pengar til det viktige arbeidet sitt med språkpolitikk og å engasjere fleire unge, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Etter ein overgangsperiode tek Nynorsk kultursentrum over domenet 1. oktober 2018.

– Prosessen har vore prega av gjensidig tillit og god dialog. Nynorsk.no er eit svært godt domenenamn, og vi er glade for at Nynorsk kultursentrum vil bruke det til glede for alle som ser etter godt og viktig stoff om nynorsk på nettet, seier leiar Fredrik Hope i Norsk Målungdom.

Nynorsk kultursentrum har satsa mykje på digitale tenester sidan det nye Aasen-tunet blei opna i 2000. No eig og driv institusjonen ni nettstadar.

– Vi må rett og slett rydde og samordne dei digitale tenestene våre, og då er Nynorsk.no perfekt, seier direktør Ottar Grepstad.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post