KS meiner kommunar som ikkje får busette flyktningar bør få kompensasjon

Kommunar med færre enn 5.000 innbyggjarar får ikkje busette flyktningar i år. No meiner Kommunanes interesseorganisasjon KS at kommunar som ikkje blir bedne om å busette flyktningar, bør få kompensasjon.

 

Det var på eit hovudstyremøte i KS i haust at dei bestemte at dei ønskjer at kommunar som har bygd opp eit apparat for å busette flyktningar, bør få statskompensasjon.

I år skal det berre busetjast 4.400 flyktningar i Noreg mot 10.000 i fjor.

– For å sikre best mogleg integrering er det ikkje hensiktsmessig å fordele eit så lågt tal flyktningar på alle kommunar. seier Nina Gran, som er fagleiar for innvandring og flyktningar i KS, til avisa Nationen.

Vinje kommune i Telemark er ein av kommunane som får busette langt færre flyktningar i år enn tidlegare.

– At vellykka integreringsarbeid ikkje blir vekta meir enn ti prosent, og at det berre er storleiken på kommunen som er kriteriet for kva som er bra eller ikkje, er veldig provoserande, seier ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) til Nationen.

Vinje kommune har lagt ned store ressursar for å byggje eit godt integreringsapparat.

– Vi har jobba opp større kompetanse på dei som arbeider med integrering til vanleg. I tillegg har vi tilsett folk som har den rette bakgrunnen, seier assisterande rådmann i Vinje Anders Sandvik til avisa. (©NPK)

Utskrift E-post