Stordal og Norddal får heita Fjord kommune

Foto: Clemensfranz, CC BY 3.0-lisensFoto: Clemensfranz, CC BY 3.0-lisens

Kommunane Stordal og Nordal i Møre og Romsdal får lov til å kalla seg Fjord kommune – trass i at Språkrådet har åtvara mot dette. Det har Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemt.  

 

– Val av kommunenamn er viktig når ein skal byggja ein ny kommune og ein ny felles identitet. Eg er glad for at kommunane har blitt samde om Fjord som namn på den nye kommunen, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Språkrådet har derimot meint at Fjord ikkje kan brukast som kommunenamn fordi det ikkje er eit stadnamn.

Departementet viser på si side til at dei tidleg signaliserte at dei ville leggja stor vekt på kva namn kommunane lokalt ønskte.

– Når Stordal og Nordal er samde om at dei ønskjer Fjord som namn på den nye kommunen sin, så følgjer vi opp dette. Namn betyr mykje for innbyggjarane. Det er bra for den vidare prosessen at kommunane har blitt samde om Fjord som namn på den nye kommunen, seier Mæland.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post