UiB og Språkrådet skal oppdatere ordbøkene

Universitetsbiblioteket i Bergen (UiB) har lyst ut fem faste stillingar som leksikograf. Dei skal ha ansvaret for å oppgradere og oppdatere både Nynorsk- og Bokmålsordboka.

 

Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium (LLE) ved UiB har sidan i fjor haust vore heimen til Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Førre veke kom meldinga om at regjeringa legg inn seks millionar kroner til revisjon av dei to ordbøkene.

– Dette er ei gladmelding. Formelt er det Språkrådet som har fått pengane, men ein stor del av det faglege arbeidet kjem til å gå føre seg ved UiB, seier Johan Myking, instituttleiar LLE, til universitetsavisa På Høyden.

I dag er det mellom 20.000 og 30.000 fleire oppslagsord i Nynorskordboka enn i Bokmålsordboka.

– Eit ord som «skrantesjuke» finst berre i nynorskordboka. Ikkje fordi ordet ikkje er godkjent på bokmål, men fordi løyvingane til ordbøkene har vore haltande. No kan ein få oppdatert dei ordartiklane som finst på begge målformer, og ein må òg få gjennomført språknormeringa frå 2012, seier Myking

Også Språkrådet er glade for dei nye løyvingane.

– Det er svært gledeleg at det kjem midlar til ein fullstendig innhaldsrevisjon, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i ei pressemelding. (©NPK)

Utskrift E-post