Samanslåingsfylke usamde om kraftaksjar

Hordaland og Sogn og Fjordane kranglar om sistnemnde kan gi kraftaksjane sine over til kommunane, skriv avisa Firda.

 

Fellesnemnda mellom dei to fylka gav torsdag ettermiddag førebels opp å finne ei felles forståing for kva Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kunne gjere med verdiane som ligg i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Dette stridsspørsmålet må takast opp att seinare.

Ingen veit i dag kva utfallet blir, eller kva konsekvensar kraftkrangelen vil få for samarbeidsklimaet og samanslåingsprosessen.

– Hordaland har ikkje forstått kva dei gjekk inn på i intensjonsavtalen. Det seier både fylkesordførar Jenny Følling (Sp), Sps-gruppeleiar Sigurd Reksnes og Høgres Bjørn Hollevik.

Over tre timar av fellesmøtet gjekk med til krangel rundt det vedtekne avtalepunktet om kraftverdiane. Det enda med at dei to fylka ikkje kunne vedta fråsegna Fellesnemnda er pålagd å sende departementet om dei to fylkeskommunane sine budsjett og årsplanar.

Usemja har oppstått etter at Hordalands fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) i februar reiste spørsmål om intensjonsavtalen under eit fylkesutvalsmøte i Hordaland.

Kårbø spurde der om Sogn og Fjordanes forsøk på sikre at SFE-verdiane blir verande i sitt eige fylke strir mot intensjonsavtalen og Inndelingslova. Då dette vart tema i fellesnemndmøtet på Hermansverk torsdag, kom gemytta i kok, fortel Firda.

Fond og verdiar

Avtalen gir Sogn og Fjordane høve til å ha eit fond på maksimum 1,5 milliard kroner. Dei reelle verdiane i SFE kan vere på meir enn fire milliardar kroner, langt høgare enn dei bokførte aksjeverdiane, og Sogn og Fjordane fylkeskommune sit med 48 prosent eigardel i energiverket. I tillegg har Sogn og Fjordane store fondsmidlar på bok.

SFE-verdiane var eitt av dei viktigaste punkta for Sogn og Fjordane i samanslåingsforhandlingane.

Pål Kårbø (KrF) seier at dei har oppfatta fondsgrensa på 1,5 milliard kroner som eit tak på kor store verdiar Sogn og Fjordane skulle kunne ha i særeiget sitt. Resten skulle inn i fellesbuet.

– Vi kjem til å halde fram med det vi vil gjere: Å dele ut SFE-aksjane til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Vi er krystallklare på at intensjonsavtalen gir oss høve til det, seier Sps fylkesleiar og gruppeleiar i Sogn og Fjordane fylkesting Sigurd Reksnes. (©NPK)

Utskrift E-post