Ønskjer nasjonal dugnad for språk og ny teknologi

– Me kan ikkje overlata språkteknologi til internasjonale aktørar. Noreg må vera med å bestemma og stilla krav om at me skal ha slike tenester på norsk og på begge målformer, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix / NPK – Me kan ikkje overlata språkteknologi til internasjonale aktørar. Noreg må vera med å bestemma og stilla krav om at me skal ha slike tenester på norsk og på begge målformer, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix / NPK
Tekniske duppedittar som du kan snakka med og som kan tenkja sjølv er på full fart inn i norske heimar, men problemet er at det finst lite norsk språkteknologi til å utvikla desse tenestene. Det gjer fagfolk bekymra.

Tilstanden og vilkåra for norsk språk i den nye digitale kvardagen var eit sentralt tema på Språkdagen 2018, som torsdag gjekk av stabelen i Oslo.

Teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge og medlem av framtidsutvalet til Språkrådet tok på Språkdagen 2018 til orde for eit sektorovergripande samarbeid for å løfta norsk språkteknologi. Arkriv: Morten Holm / NTB scanpix / NPKTeknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge og medlem av framtidsutvalet til Språkrådet tok på Språkdagen 2018 til orde for eit sektorovergripande samarbeid for å løfta norsk språkteknologi. Arkriv: Morten Holm / NTB scanpix / NPK

– Noreg har i dag ikkje så mykje språkteknologi i det heile, og med tale og tekstbiten står det ganske dårleg til, sa teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge som var ein av innleiarane på den årlege konferansen til Språkrådet.

Rana er også ein av sju medlemmer i det såkalla framtidsutvalet til Språkrådet som skal sjå på viktige utfordringar for det norske språket vidare.

Han peikte på at talestyrte hjelpemiddel blir meir og meir utbreidd, og at vi snart kan styra mykje av elektronikken i heimen berre ved å snakka til digitale duppedittar. For å sikra at folk i framtida kan kommunisera med slike hjelpemiddel på norsk, meinte han det er viktig å setja språkteknologi inn ein større samanheng og få til eit breitt samarbeid mellom ulike departement, forskingsmiljø og andre aktørar.

– Trengst eit nasjonalt løft

Også språkdirektør Åse Wetås tok til orde for eit nasjonalt løft for norsk språkteknologi. Ho meinte det er avgjerande for det norske samfunnet at det norske språket heng med i den digitale utviklinga.

– Alle departementa og heile det norske samfunnet har eit ansvar for at me skal kunna løfta det norske språket inn i den digitale tidsalderen. På same måten som vegar og jernbane må me byrja å sjå på språk som heilt nødvendig infrastruktur for at det norske samfunnet skal fungera.

Ho var klar på at språkteknologi er eit område som Noreg ikkje kan overlata til internasjonale aktørar.

– Me må vera med å bestemma. Me må stilla tøffare krav til dei som skal utvikla denne type tenester. Det må vera eit krav at tenestene skal vera på norsk og at dei skal vera tilgjengelege både på bokmål og nynorsk, slo ho fast.

– Språket er ein del av kulturarven vår og ein viktig fellesskapsbyggjar som vi må verna om, sa kulturminister Trine Skei Grande (V) som opna Språkdagen 2018. Ho peikte på at vi har meir forhold til det vi kan skildra med vårt eige morsmål enn med andre språk. Foto: Margunn Sundfjord / NPK– Språket er ein del av kulturarven vår og ein viktig fellesskapsbyggjar som vi må verna om, sa kulturminister Trine Skei Grande (V) som opna Språkdagen 2018. Ho peikte på at vi har meir forhold til det vi kan skildra med vårt eige morsmål enn med andre språk. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
– Enklare kvardag

Wetås peikar på at språkteknologi vil gjera kvardagen enklare for folk, og at det er viktig å sjå språk i ein større samanheng.

– Me må tenkja på dette som investeringar som gjer at det norske samfunnet blir enklare å drifta. Viss gamle folk skal kunna sitja heime i stovene sine og styra kjøleskap med bruk av stemma si, er me avhengige av å investera det som trengst for å utvikla teknologi for taleattkjenning, seier ho.

Ho håpar difor på brei politisk vilje til å løfta norsk språk over i den teknologiske tidsramma.

– Me må difor ikkje sjå på dette som eit lausrive kulturtiltak eller noko som er artig å ha. Det er ting som kan løysa store samfunnsproblem og spara oss for store utgifter, seier Åse Wetås. (©NPK)

Utskrift E-post