Kraftfylka positive til nye fylkesoppgåver

Kommunal Rappor t fortel at interesseorganisasjonen no arbeider med ein høyringsuttale til forslaget frå ekspertutvalet om overføring av oppgåver frå staten til fylkeskommunen. Der går det fram at foreininga støttar forslaget om både å overføra konsesjonsbehandlinga av vindkraft og vasskraftverk med inntil 10 MW og styrkja regional plan.

Interesseforeininga er også positive til at utvalet føreslår å gje fylkeskommunane eit meir heilskapleg ansvar for miljøforvaltning, konsesjonar og regional planlegging.

Kraftfylka skal sikra at størst mogleg del av verdiskapinga blir verande att i dei områda der vasskraftressursane finst og verdiane blir skapte. Foreininga har i dag 11 medlemsfylke.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post