Forfattarar med Vinje-hyllestI

Fram mot påske vil ei rekkje norske forfattarar hylla 200-årsjubilanten Aasmund Olavsson Vinje med nyskrivne tekstar. 

 

Det er Vinje-senteret som har invitert forfattarane til å skriva tekstane. Grunnen er at det 6. april i år er det 200 år sidan den kjende forfattaren, journalisten og språkpioneren blei fødd. Kvar dag ei heil veke vil Vinjesenteret publisera dei nyskrivne tekstane på eigne nettsider.

– Vi tok dette initiativet fordi vi ville feira jubilanten med det han sjølv skapte, nemleg originale tankar og stor kunst, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret i ei pressemelding.

Kjartan Fløgstad er først ut med tre nye songar. Andre bidragsytarar er mellom anna Gunnar Skirbekk, Morten Søberg, Ottar Grepstad og journalist Jørgen Mathiesen. Sistnemnde har skrive ei historie om Vinjerommet på Gran der Vinje døydde i 1870. Mathiesen voks sjølv opp på staden og har skrive ei forteljing om korleis to generasjonar har teke vare på dette kulturminnet, heiter det.

I rekkja av nye tekstar blir det også publisert eit essay av jubilanten frå 1863 som først no blir gjeve ut på norsk.

– I tillegg til all denne gode påskelektyren publiserer vi tekstar av eit dusin forfattarar på Vinjesenteret.no utover våren og sommaren, seier Kristian W. Rantala.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post