Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil flytta kommunegrenser

Går det som fylkesmannen i Møre og Romsdal tilrår, kan fleire område i fylket få byta kommune i høve til den planlagde kommunereforma. 

 

Fredag la fylkesmann Lodve Solholm fram ei tilråding om å justera grensene for fem område i fylket. Det skjer etter at innbyggjarane i dei fem områda har søkt om å få endra dei planlagde kommunegrensene, men fylkesmannen gjorde det klart at det har vore krevjande å koma fram til ei tilråding

– Arbeidet med grensejusteringa har vore mykje vanskelegare enn arbeidet med kommunereforma, sa Solholm då han starta pressekonferansen.

Han peikte på at det dreier seg om små forhold, bygd mot bygd, kommune mot kommune og at det har vore eit stort engasjement og offentleg debatt.

Etter ei grundig vurdering av søkjarane har fylkesmannen mellom anna landa på at øyane Sandøy, Ona, Orten, Husøy og Gåsøy blir overført til Aukra kommune og slepp og bli ein del av den nye storkommunen Ålesund.

Fylkesmannen går vidare inn for at Liabygda blir verande i Stranda kommune og ikkje blir ein del av den planlagde Fjord kommune. Det blir også rådd til at sunnmørsbygdene Eidsdal og Nordal blir ein del av Stranda kommune, medan Indre Gjemnes blir grensejustert til nye Molde kommune.

Fylkesmannen rår elles til at Bjørke og Viddal kommune blir grensejustert til nye Volda kommune.

– Det er den einaste saka der Fylkesmannen ikkje har lagt stor vekt på innbyggjarhøyringa, sa Solholm.

Han sa at tilrådingane no blir sende over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Departementet har sagt at dei tek sikte på å avgjera grensejusteringane før sommaren, sa Solholm. (©NPK)

Utskrift E-post