Oddny Miljeteig er utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag

Oddny Miljeteig er tildelt heidersmedlemsskap i Noregs Mållag, og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, delte ut heideren. (Foto: Hallstein Dvergsdal) Oddny Miljeteig er tildelt heidersmedlemsskap i Noregs Mållag, og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, delte ut heideren. (Foto: Hallstein Dvergsdal)

På det 100. landsmøtet i Noregs Mållag har Oddny Miljeteig blitt utnemnd til ny heidersmedlem i Noregs Mållag.


I tala til Oddny Miljeteig la Magne Aasbrenn vekt på at ho har lang fartstid i Mållaget, og la tidleg ned ein innsats som vart lagt merke til.

– Det er likevel innsatsen i 2012, etter at dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen frå SV ville svekke sidemålsordninga, som gjorde Oddny Miljeteig til legende i Mållaget, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Det var mange som var frustrerte, og Oddny starta eigenhendig nærast ei målpolitisk vekking i Bergen.

– Oddny sin vervekampanje er heilt utan sidestykke i Mållaget. Éin ting er at ho verva over 540 medlemer til Mållaget. Det  er eit heilt uforståeleg godt tal, seier Magne Aasbrenn.

– Det andre, som er like viktig, er at ho skapte blest og glød rundt saka. Ho gav alle dei som ikkje vil at nynorsken skal setjast bort til pynt, eit eige språk: Er du for nynorsk, er du medlem i Mållaget, seier Magne Aasbrenn.

– Det er ikkje tvil om at engasjementet Oddny fyrte opp i 2012 var med å gje ein ny kveik for verving i Mållaget. Fleire har blitt modigare til å verve, og Mållaget har fått mange nye, stolte medlemer.

– Takk for at du gav oss sjølvkjensle og kampvilje når vi trong det som mest, avsluttar Magne Aasbrenn.

Oddny Miljeteig var både stolt og takksam for å få prisen.

– Då Ivar Aasen gav ut «Ordbog over det norske Folkesprog» i 1850, var det ei handbok i språkleg frigjering, seier Oddny Miljeteig, og legg til at nynorsken skal vere eit kvardagsspråk, eit skriftspråk til frigjering.

Utskrift E-post