Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 2018

Oddny Miljeteig vart heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 og Olaug Nilssen fekk Nynorsk litteraturpris 2017. (Foto: Hallstein Dvergsdal) Oddny Miljeteig vart heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 og Olaug Nilssen fekk Nynorsk litteraturpris 2017. (Foto: Hallstein Dvergsdal)

- Noregs Mållag gjev Målprisen til Magni Øvrebotten fordi ho alltid har vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken, seier Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag.

Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Ho kjem frå Botnane i Bremanger og bur i Naustdal. Ho har vore leiar for Nynorsk mediesenter sidan starten i 2004.


- I rolla som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane argumenterte ho mot at distriktskontoret i Sogn og Fjordane skulle leggjast under NRK Hordaland. At NRK Sogn og Fjordane fekk halde fram som eige distriktskontor, har betydd svært mykje for nynorsken, og for å få nynorske saker på dagsordenen. Og at NRK Nynorsk mediesenter vart oppretta, var beint fram eit politisk under, seier Inger Johanne Sæterbakk .

- Magni Øvrebotten er ikkje berre eit nynorsk førebilete i mediebransjen. Ho er også eit førebilete for oss i målrørsla, ja for alle som kjempar for ei politisk sak. Denne viljen til språk som Magni har synt, gir oss pågangsmot.

- Ho har inspirert og motivert mange unge journalistar til å kaste seg ut i den nynorske journalistiske verda. Kvar dag set desse språkleg spor etter seg i NRK, og dei set nynorske spor i oss, enten vi er unge eller vaksne, seier Inger Johanne Sæterbakk .

Magni Øvrebotten var svært glad for å ta i mot Målprisen 2018 og takka varmt for prisen.
- Eg vil takke for at Noregs Mållag har eit slikt sterkt engasjement for nynorsk journalistikk. Det treng vi. Eg har tru på at det no kjem fram ein ny redaktørgenerasjon som er litt meir vågale og slepp nynorsken til, seier Magni Øvrebotten

Utskrift E-post