Stortinget må ta styringa over fylkesnamna

Magne Aasbrenn vart attvald til leiar i Noregs Mållag i helga. Foto: Noregs MållagMagne Aasbrenn vart attvald til leiar i Noregs Mållag i helga. Foto: Noregs Mållag

Landsmøtet i Noregs Mållag krev at saka om nye fylkesnamn blir send på høyring før Stortinget gjer vedtak, og at det blir lagt stor vekt på namnefaglege råd i valet av nye fylkesnamn.


- Regjeringa viser til at ein kan lata vera å senda saker på høyring når det er klart at det ikkje er naudsynt, og viser til at ingen protesterte på manglande høyring om namna «Agder» og «Trøndelag». Dei namna var svært opplagde, men det har lenge vore klart at fleire andre fylkesnamn er svært omdiskuterte og difor utan tvil er omfatta av kravet om å bli sendt på høyring, seier Magne Aasbrenn, attvald som leiar i Noregs Mållag.

Regjeringa kom 6. april med framlegg til nye fylkesnamn, og saka ligg no i Stortinget. I strid med namnefaglege råd og trass i stor folkeleg motstand har regjeringa gått inn for namna «Vestland», «Innlandet» og «Viken». Noregs Mållag reagerer sterkt både på desse framlegga og på sakshandsaminga.

Regjeringa har brote utgreiingsinstruksen ved ikkje å senda saka på høyring, og regjeringa har heller ikkje høyrt på sitt eige sakkunnige organ i namnesaker, Språkrådet. Dette føyer seg inn i ei rekkje av saker der regjeringa har sett vekk frå råda til Språkrådet, som i fleire kommunenamn og OsloMet. Heller ikkje dei nye fylka har hatt forsvarlege faglege prosessar før vedtaka om nye fylkesnamn. Tvert om er namnevala resultat av politiske kompromiss, med «Vestland» som det verste dømet.

- Då dagens fylkesnamn vart vedtekne i 1918, var det resultat av eit større fagleg utgreiingsarbeid, ein omfattande høyringsrunde og ein grundig politisk prosess. Det er ei gåte for Noregs Mållag at styresmaktene ikkje har prioritert dette i 2018, seier Magne Aasbrenn, som har eit samrøystes landsmøte bak seg.

Valet av fylkesnamn har store konsekvensar. Namna er ikkje berre namn på fylkeskommunar, men er inndelingsnamn som går inn i allmenn språkbruk og som kan bli ståande i fleire hundre år. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner difor det er særs viktig at Stortinget no tek styringa over prosessen og syter for ei forsvarleg sakshandsaming.

Utskrift E-post