Planar om «nynorsk fyrtårn» i Førde

Slik ser arkitektane i Xform for seg eit nynorskhus i Førde. Dei kallar løysinga «Nynorskens skog». Utbyggjar: Fjordane Holding AS, O. Drage AS, Fjordvekst AS og Xform eiendom AS. Arkitekt: Xform AS. Illustrasjon: Xform ASSlik ser arkitektane i Xform for seg eit nynorskhus i Førde. Dei kallar løysinga «Nynorskens skog». Utbyggjar: Fjordane Holding AS, O. Drage AS, Fjordvekst AS og Xform eiendom AS. Arkitekt: Xform AS. Illustrasjon: Xform AS

Fem utbyggjarar har levert skisser til eit nytt fellesbygg for NRK, Sogn og Fjordane teater og Firda Media i Førde, skriv lokalavisa Firda.
 

Målet er å samle kreative krefter som kan vere med på å skape vekst og utvikling i Førde, under same tak. Nynorsken skal vere fellesnemnaren og trumfkortet som skal gjere prosjektet til røyndom, skriv avisa.

– Vi ønskjer ikkje minst å byggje eit nasjonalt fyrtårn for det nynorske språket, som er pressa frå alle kantar av engelsk og bokmål, seier prosjektkoordinator Arve Sandal til avisa.

Prosjektet håper å finne ein utbyggjar som vil satse på dei tre føretaka som langsiktige leigetakarar. I tillegg er det aktuelt å få med ein del mindre kulturbedrifter.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane ønskjer seg Språkrådet

Sandal orienterte torsdag formannskapet i Førde kommune om planane, og der var responsen på eit slikt «Nynorskens hus» høveleg god.

– Det er nesten som vi må applaudere! Eg ivrar for at dette må vi få til, sa ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

Neste steg er å presentere prospekta for Firda-eigar Amedia og NRK sentralt. (©NPK)

LES OGSÅ: Kamp om å vera nynorskhovudstad

Utskrift E-post