Rune Haugsdal blir ny fylkesrådmann for nytt vestlandsfylke

 TILSETT:Rune Haugsdal blei fredag formelt tilsett som prosjektleiar/fylkesrådmann i storfylket på Vestlandet. Foto: Hordaland.no TILSETT:Rune Haugsdal blei fredag formelt tilsett som prosjektleiar/fylkesrådmann i storfylket på Vestlandet. Foto: Hordaland.no

Fylkesrådmann i Hordaland Rune Haugsdal (58) er tilsett som ny fylkesrådmann og prosjektleiar for det nye storfylket på Vestlandet. 

 

– Eg er takksam for tilliten eg har fått frå fellesnemnda. Dette er ei krevjande og særs interessant utfordring. No ser eg fram til å arbeida saman med høgt kompetente tilsette i Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Haugsdal i ei pressemelding.

Haugsdal skal fram til 1. januar 2020 vera prosjektleiar for samanslåingsprosessen.

Det er fellesnemnda som arbeider med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane som står bak tilsetjinga.

– Med denne tilsetjinga har vi fått ein god leiar av arbeidet med å slå saman dei to fylkeskommunane og ein dyktig leiar i det nye storfylket, seier fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, som har leidd tilsetjingsutvalet.

Også fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling meiner tilsetjinga av Haugsdal lovar godt.

– Det er viktig at vi har fått på plass ein dyktig og erfaren prosjektleiar for det nye vestlandsfylket. Rune kjenner godt prosessen og samspelet mellom fylkeskommunane, og vil bidra positivt for å lukkast med å byggja eit nytt, sterkt fylke, seier ho.

Det var seks søkjarar til stillinga. (©NPK)

Utskrift E-post