Høgskulen på Vestlandet vil ta nynorsk-ansvar

Skriven .

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ønskjer å ta eit bevisst ansvar for nynorsken og for å utvikla norsk som fagspråk. Det går fram av dei nye språklege retningslinjene til høgskulen.

 

– Å styrkja nasjonalspråka si stilling i akademia er særleg viktig for oss på Vestlandet. Dei retningslinjene vi no har laga er eit verktøy, laga av entusiastar, seier seniorrådgjevar Georg Arnestad til På Høyden.

Han har leia arbeidet med den nye språkpolitikken til høgskulen.

I dei nye retningslinjene heiter det mellom anna at HVL skal ha ein tydeleg nynorsk profil og bruka eit levande og godt nynorsk språk. Det heiter også at høgskulen vil ta ansvar for å utvikla eit "godt og høveleg norsk fagspråk" i dei ulike utdanningane.

Ved sida av Høgskulen i Volda er Høgskulen på Vestlandet den einaste nynorske høgskulen her i landet. Arnestad meiner difor at HVL får mykje å seia for nynorsken framover.

– Ein stor vestlandshøgskule blir viktig for utviklinga av nynorsk og av norsk fagspråk generelt, seier han. (©NPK)

Utskrift