Tysvær snudde negativ nynorsktrend

 

Elevane på nynorskskulane i Tysvær kommune valde vekk nynorsk. No har kommunen klart å snu trenden.

 

I 2016 ville ingen foreldre ved skulane Grinde og Tysværvåg i Tysvær kommune i Nord-Rogaland ha nynorsk for ungane sine. Rådmannen og skulesjefen ville endre til bokmål ved dei to nynorskskulane frå hausten 2017. Det gjekk ikkje politikarane med på, skriv Tysvær Bygdeblad.

Løysinga blei betre informasjon til foreldra om val av målform. For skuleåret 2016/2017 var det berre ni elevar som valde nynorsk på Førland, Grinde og Tysværvåg. 70 valde bokmål. For skuleåret 2017/2018 valde 18 elevar nynorsk og 38 bokmål.

Etter innskrivinga til skuleåret 2018/2019 har fleire valt nynorsk enn bokmål på dei tre skulane. 42 vil ha nynorsk og 26 bokmål. Sissel Hansen Tysse i Høgre synst det er positivt at talet jamnar seg ut.

– Hovudpoenget var å sjå om ein kunne bruke utfordringane til å styrkje både målform og ei jamnare fordeling av klassene. Nok og god informasjon er alltid ei utfordring. Det er derfor kjekt å sjå at eit så enkelt vedtak som å halde eit informasjonsmøte kan sørgje for å få gitt ut nok informasjon til foreldra, seier ho til avisa.

Tysvær har fem nynorskskular og tre bokmålsskular. Frå og med 8. trinn vel elevane sjølv skriftleg hovudmålform.

– Ein må legge til rette for balansert opplæring og kunne glede seg over liv, variasjon og mangfald. Mållaget ønskjer i større grad å få fram korleis nynorsk er forankra i dialektane våre. Mindre strid, meir språkglede, seier leiaren i Tysvær Mållag, Synnøve Bredal Bjelland, til avisa. (©NPK)

Utskrift E-post