Sportsjournalist får pris for god nynorsk

Mangeårig journalist i NRK-sporten, Harald Thingnes, får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2018. 

I grunngjevinga heiter det at Thingnes i 20 år har vore ein markant historieforteljar i NRK-sporten. Det blir også peikt på at han som nynorskbrukar har vore ein einsleg minoritet i den bokmålsdominerte sportsredaksjonen. Trass i at han har stått språkleg åleine, meiner juryen at Thingnæs har vore eit føredøme for andre og at han har vist at nynorsk eignar seg godt som sportsspråk.

– Orda og bileta til Thingnes smeltar mange gonger saman til rein forteljekunst, og blir trekt fram som døme på noko mange kan strekkja seg etter, uansett målform. Thingnes har eit overskot av humor og forteljarglede som når langt fleire enn dei mest sportsinteresserte, meiner juryen.

Prisvinnaren som voks opp i Vevring i Naustdal, er overraska og glad over prisen.

– Eg er audmjuk og stolt over å få ein slik pris. Mange av dei tidlegare prisvinnarane er store språklege førebilete. Eg vonar at eg òg kan inspirera andre til å bruka ein levande og god nynorsk, seier Harald Thingnes.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk, og blir delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 8. juni. (©NPK)

Utskrift E-post