Per Idar Almås blir ny direktør for Førdefestivalen

Per Idar Almås (37) frå Stord tek over etter Hilde Bjørkum som direktør og kunstnarleg leiar for Førdefestivalen.  

 

37-åringen er oppvaksen på Stord, men bur på Sandane og kjem frå ei delt stilling som festivalsjef for kammermusikkfestivalen Gloppen Musikkfest på Sandane og prosjektansvarleg for barneprogrammet i Festspillene i Bergen.

Den nytilsette direktøren har også lang røynsle frå andre delar av kulturlivet i Bergen, ikkje minst gjennom konsertar og festivalar. Han har også arbeidserfaring frå Arna og Åsane kulturkontor i Bergen kommune og TV 2. Den påtroppande festivalsjefen har også vore ein del av staben bak The Tall Ships’ Races i Bergen, fortel Førdefestivalen i ei pressemelding.

– Kjempespennande

Til saman fem personar hadde søkt stillinga som ny direktør for festivalen. Sjølv er Almås glad og audmjuk over å ha fått stillinga.

– Eg ser på det som ei ære å få vera med å utvikla festivalen vidare saman med alle dei strålande menneska som er involverte og engasjerte i festivalen, seier han.

– Kva var den viktigaste motivasjonen din for å søkja stillinga?

– Det er jo ei kjempespennande stilling og ein av dei mest spennande jobbane ein kan ha i kulturlivet i Noreg. Moglegheitene til å utvikla festivalen for framtida er superspennande, seier Almås til Nynorsk pressekontor.

Han fortel at han tek til i stillinga 1. oktober.

– Først skal eg gjera ferdig Festspillene i Bergen. Deretter skal eg arrangera Gloppen musikkfest i byrjinga av september, og så skal eg ta over i Førde.

Nøgd styreleiar

Styreleiar for Førdefestivalen, Tone Winje, er svært nøgd med å få Almås med på laget.

– I den nye direktøren, Per Idar Almås, får vi ein kar som er positiv, hardtarbeidande og løysingsorientert, med teft for god programmering, seier ho.

Winje fortel at nye festivalleiaren brenn for formidling av musikk og kultur både til barn og vaksne og at han har fått svært gode tilbakemeldingar på evnene til å samarbeida.

– Vi i styret er kjempenøgde og gler oss til å følgja, Almås, seier ho. (©NPK)

Utskrift E-post