Aftenposten opnar for nynorsk

Aftenposten opnar for nynorsk: Sarah Sørheim, kulturredaktør i Aftenposten, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og Espen Egil Hansen, sjefredaktør i Aftenposten. (Foto: Kjartan Helleve) Aftenposten opnar for nynorsk: Sarah Sørheim, kulturredaktør i Aftenposten, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og Espen Egil Hansen, sjefredaktør i Aftenposten. (Foto: Kjartan Helleve)
Måndag denne veka fekk Aftenposten og sjefredaktør Espen Egil Hansen Målblome frå Noregs Mållag.

– Det er fordi Aftenposten har vedteke nye språkreglar som tek eit langt steg i retning av å tillate nynorsk på redaksjonell plass, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Moderat bokmål framleis viktigaste språket i avisa

Saman med kulturredaktør Sarah Sørheim tok Espen Egil Hansen imot blome og diplom som eit synleg prov på at Noregs Mållag er svært glade for dei nye retningslinjene i Noregs største avis.

Espen Egil Hansen sette tydeleg pris på merksemda. Han understreka at moderat bokmål framleis skal vere viktigaste språket i avisa, og at nynorsk også i framtida vil vere unnataket.

Hansen seier at dei nye retningslinjene er ei skriftfesting av ein praksis avisa har blitt styrt etter i fleire år, og at dei kjem som ein konsekvens av samarbeidet med Bergens Tidende, av ein ny generasjon journalistar og at mediekvardagen er blitt meir mangfaldig.

– Dessutan vil eg hevde at det i 2018 vil vere umoderne å ha eit absolutt forbod mot nynorsk på redaksjonell plass, seier Espen Egil Hansen.

Her er grunngjevinga for Målblomen:

«I Noregs Mållag er vi overtydde om at nynorsk kan nyttast til alt slags stoff i pressa, og vi er svært glade for at Aftenposten nå har endra retningslinjer for bruken av bokmål og nynorsk. I dei nye reglane står det at Aftenpostens medarbeidarar i enkeltståande kommentarar, reportasjar og intervju kan bruke nynorsk, og det blir innført ein hovudregel om at innkjøpte artiklar frå andre Schibsted-aviser ikkje skal setjast om til bokmål. Det er ei historisk opning for nynorsken i landets største avis og ein milestolpe i arbeidet vårt i Noregs Mållag.

Dei siste åra har vi opplevd at murane mot å bruke nynorsk skriftmål i alle samanhengar har blitt lågare over heile landet. I fjor opna VG for bruk av nynorsk i enkeltståande artiklar, og seinast sist veke rapporterte redaktør Gard Steiro at det berre hadde gitt positive tilbakemeldingar frå lesarane.

Når også landets største avis opnar for nynorsk, viser det i praksis at både bokmål og nynorsk er offisielle norske skriftspråk. Dette har mange positive sider ved seg. Det aukar motivasjonen for å lære nynorsk hos skuleelevar over heile landet, ikkje minst i dei såkalla nynorskområda. Det vil vere ei tilskunding for andre bokmålsdominerte aviser, som Dagbladet, til også endeleg å sleppe nynorsken til.

Det hindrar at nynorskskrivande journalistar i Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende får oppleve at den journalistiske integriteten deira blir redusert ved at dei «må» omsetjast til bokmål. Og kanskje viktigast av alt for mediehuset sjølv, er det at dei nye, språklege retningslinjene aukar Aftenposten sin integritet som liberal og open avis som skal dekke det som skjer over heile landet. Sjølv om ikkje dei nye språkreglane er ei full opning for nynorsk, vonar vi at erfaringane på sikt vil tilseie ei endå meir omfattande liberalisering», melder Noregs Mållag.

Utskrift E-post