– Språket treng folk

Dagleg leiar i Aasentunet, Gaute Øvereng, la ned blomar på Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum torsdag. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPKDagleg leiar i Aasentunet, Gaute Øvereng, la ned blomar på Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum torsdag. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Å nå folk gjennom deira eige språk og identitet, var hovudbodskapen under opninga av Dei Nynorske Festspela 2018 torsdag.

 

– "Det er noko som manglar her", tenkte også Ivar Aasen. Folket har eit språk, men dei manglar det i skrift. Skulle det bli levande setningar, måtte det vere på folket sitt eige talemål. Slik opna dagleg leiar Gaute Øverås i Aasentunet Dei Nynorske Festspela 2018.

I år er det Marit Eikemo som er festspeldiktar. I talen under den første programposten, Blomar ved bauta, knytte Øvereng tankane til Ivar Aasen og utgangspunktet for å utvikle det nynorske skriftspråket, til forfattarskapen til festspeldiktaren. Temaet under festspela i år er identitet, og setninga om det som manglar, er henta frå "Samtidsruinar".

Talen i år handla også om det å skape fordommar, setje folk i bås, knytt opp til identitetsskapande faktorar.

– Språket seier noko om kven vi nordmenn er, men kan også brukast som eit døme på kva vi trur andre er. Kor lett det er å setje folk i bås, sa Øvereng.

Som eit levande døme på dette fortalde han at ingen av dei han hatt omvising for i Aasentunet, har vore i nærleiken av det rette svaret når det gjeld kva som er undertittelen på den aller første nynorske teksten som stod på trykk i Morgonbladet 5. januar 1849; "Samtale mellom to bønder". Undertittelen er "Om Begivenhederne i Udlandet", og ikkje avling, dyr og subsidiar som har vore nokre av forslaga frå publikum i omvisingane.

– Det har blitt ein vekkjar for meg – kor lett det er å trekke raske konklusjonar, basert på ein enkel merkelapp på folk, sa Øvereng i talen. (©NTB)

LES OGSÅ: Over 800.000 brukarar på Framtida.no i 2017

Utskrift E-post