SV krev fleire tiltak for digitale læremiddel på nynorsk

SV vil ta grep for å få digitale læremiddel på nynorsk. Audun Lysbakken, leiar i SV og Ingrid Fiskaa , leiar i Rogaland SV. Foto: SVSV vil ta grep for å få digitale læremiddel på nynorsk. Audun Lysbakken, leiar i SV og Ingrid Fiskaa , leiar i Rogaland SV. Foto: SV
– Nynorske klasserom fløymer over av digitale læringsressursar som berre finst på bokmål eller engelsk. Dette må vi gjere noko med, seier Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV. Landsstyret i SV i helga vedtok ei kravliste til regjeringa.

Digitale læremiddel er på full fart inn i skulen, og stadig fleire skular bruker meir og meir tid på pc, nettbrett og chromebook.

I vår la Noregs Mållag fram ein rapport som synte at av 104 ulike appar, nettsider og andre læringsressursar som er i bruk på skulane er berre 15 tilgjengeleg i nynorskversjonar.

Og undersøkingar Framtida.no har gjort, viser at 4 av 5 lærarar på nynorske skular slit med å finna digitale læremiddel på nynorsk.

– Har same rettar

– Nynorskelevane skal ha eit like godt læringsmiljø som bokmålselevane. Ifølgje opplæringslova har nynorskelevane dei same rettane som bokmålselevane til å få læremiddel på nynorsk og bokmål til same tid og pris, seier Audun Lysbakken, leiar i SV, i ei pressemelding.

– Det er på langt nær alle læremiddelprodusentane som følgjer opplæringslova og tilbyr sine læremiddel på både bokmål og nynorsk. Det gjeld også til dømes retteprogram som er altfor dårlege på nynorsk, seier Ingrid Fiskaa.

Krev ny læremiddelportal

SV minner om at ei av dei viktigaste oppgåvene skulen har, er å gjere elevane til trygge språkbrukarar.

– SV krev at Kunnskapsdepartementet lagar ein læremiddelportal der skuleeigarar kan finna lovlege læremiddel. Vidare må departementet sikre at alle læremiddel som er i bruk i skulen kjem i nynorsk- og bokmålsutgåve og kontorstøtteprogram og operativsystem skal finnast på begge målformer, seier Ingrid Fiskaa og Audun Lysbakken.

LES OGSÅ: Sanner vil sjå nærare på digitale læremiddel

Utskrift E-post