Viljen i Aasen-tunet

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum blir pensjonist til hausten. No har kongen utnemnd han til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen hans for nynorsk språk, litteratur og skriftkultur. Foto: Hallvard Østrem / NPKDirektør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum blir pensjonist til hausten. No har kongen utnemnd han til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen hans for nynorsk språk, litteratur og skriftkultur. Foto: Hallvard Østrem / NPK
Ottar Grepstad (64) gler seg til eit liv utan lange dagar og møtekalender når han 1. november gir seg etter å ha styrt Nynorsk kultursentrum i 19 år.

– Det er ingen som trur meg når eg seier at eg skal bli lat og ikkje gjere så mykje, men eg skal faktisk ikkje det. Det er klart dette har slite på, seier snart avtroppande direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

No er han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur.

Arbeidsinnsatsen hans er utan tvil imponerande. I Hovdebygda i Ørsta har han bygd opp Nynorsk kultursentrum til ein godt synleg nasjonal institusjon med 20 fast tilsette, underbruk i Ørsta (nettleksikonet Allkunne ), Ulvik i Hardanger ( Olav H. Hauge-senteret ) og Vinje i Telemark ( Vinje-senteret ) og driftsansvar for tre festivalar ( Dei nynorske festspela , Ulvik poesifestival , Litteraturdagane i Vinje ). I tillegg har direktøren heilt sidan 1997 vore primus motor og talsmann for Nynorsk forum, eit samarbeidsforum for nynorskinstitusjonar og målorganisasjonar, og han har vore rådsmedlem i Kulturrådet (2005–2009) og styremedlem og styreleiar i Språkrådet (2006–2015). I Språkrådet var han mellom anna med på å lose gjennom ei skilsetjande rettskrivingsreform for nynorsk.

Bøker og tekst

Som om ikkje alt dette skulle vere nok, har Grepstad samtidig produsert store mengder tekst: tolv årstalar, eit tital bøker, inkludert verk som Viljen til språk (2006), Avisene som utvida Noreg (2010) og Historia om Ivar Aasen (2013), og ein haug med essay, talar, foredrag, faktasamlingar, høyringsfråsegner og saksutgreiingar.

Ein må kanskje vere arbeidsnarkoman for å få det til?

– Eg er det altså. Eg har gjort for mykje, det er kortversjonen, seier Grepstad roleg.

Eg har gjort for mykje, det er kortversjonen.

– Grovt sagt har det nok vorte bortimot to årsverk per år i ganske lang tid. Men mykje av det er sjølvpålagt. Eg kunne ha late vere å skrive ein del av bøkene.

Ikkje har han kasta bort tida på Facebook, Twitter og Instagram heller. Han har nøgd seg med eit «spionkontor på Facebook». Det er alt.

Han har gjort mykje, men vil gjerne ha fram at han har gjort det i lag med flotte medarbeidarar og eit raust styre.

Om å forstå

Grepstad forklarer at skrivinga for han handlar mest om det å forstå, lage sine eigne forteljingar og forståingsmåtar. Lettvint har det ikkje vore, men det har ført til at Nynorsk kultursentrum i dag forvaltar mykje meir kunnskap enn det institusjonen hadde gjort utan denne innsatsen.

– Eg trur vel at livet handlar om å forstå, både på det menneskelege plan – det å forstå dei rundt deg – og på eit meir overordna nivå å forstå det faglege i det du held på med, forstå mekanismar, makt og kva som helst. Eg synest det heile tida er eit strev å forstå det som skjer på alle plan. I det ligg det òg nysgjerrigheit, forklarer Grepstad.

Det er kort og godt ei grunnleggjande drivkraft for han, behovet for innsikt og det å forstå. Det er det som held han i gang. Det gjer òg engasjementet hans mot all slags språkmobbing, enten det skjer i Nytt på nytt eller andre stader.

– Eg kan bli rasande på dårlege vitsar om språk, for da snakkar du om folk. Dei sparkar nedover, og det er stygt. Først og fremst vil eg at dei som bruker dialekt, bokmål, nynorsk eller eit anna morsmål ikkje skal bli hundsa med. Der ligg ei grunnforklaring på mitt engasjement altså, definitivt, seier Grepstad.

– Eg kan bli rasande på dårlege vitsar om språk, for da snakkar du om folk. Dei sparkar nedover, og det er stygt.

Foto: Hallvard Østrem / NPK

Ein reell nasjonal institusjon

Mest fornøgd er Grepstad med at Nynorsk kultursentrum gjennom etableringa av avdelingar fleire stader i landet har vorte det han kallar ein reell nasjonal institusjon. Stortinget oppretta Ivar Aasen-tunet som eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur, men tanken var i første omgang avgrensa til å drive museet Aasen-tunet og samarbeide med Dei nynorske festspela, som i 1990-åra var eit sjølvstendig tiltak.

Ottar Grepstad lanserte sjølv ideen om ekspansjon på eit styreseminar i februar 2001, berre eit halvår etter at det nye anlegget i Hovdebygda opna. Kor lenge skal Aasen-tunet vere den einaste adressa vår? spurde han den gongen, utan at han i dag heilt veit kor ideen kom frå.

– Vi hadde vore i drift eit halvt år. Det var jo galimatias, seier Grepstad og ler.

– Men eg trur tanken som låg under, var korleis vi kunne gjere Aasen-tunet til ein reell nasjonal institusjon, ikkje berre i namnet. Det tenkte vi på lenge før vi gjekk i gang med Hauge-senteret i 2010, at det skulle manifestere det nasjonale perspektivet. Nynorsk er ikkje ein regional affære.

Viss det er noko han gjerne skulle gjort annleis desse åra, så måtte det vere at han gjerne skulle hatt eit underbruk til.

– Eg angrar på at vi ikkje sa ja til å ta på oss Garborgsenteret tidleg på 2000-talet, men det var for tidleg. Men det eg angrar mest på, er at vi ikkje makta å bli med og skipe Framtida.no i 2010. Den gongen handla det mest om at vi hadde nok med Hauge-senteret, trudde vi.

det eg angrar mest på, er at vi ikkje makta å bli med og skipe Framtida.no

«Nynorskens mafiaboss»

Det er ikkje til å komme forbi at Ottar Grepstad i nynorskmiljøet til tider har vore sett som vel dominerande og mektig. Han har hatt opptil fleire hattar og roller å halde orden på, og han har kanskje ikkje vore den flinkaste til å delegere og sleppe andre til, blir det sagt.

Når eg minner han om Twitter-parodien Greppiz, «Ikkje Ottar Grepstad – nynorskens mafiaboss», som herja fælt med direktøren i Aasen-tunet i 2013, ler han. Kritikken har han høyrt før, men kva tenkjer han om maktrolla si no?

– Alle desse merkelappane har jo vore der, mafiaboss, general og president og konge og heile røkla. Eg meiner at nynorskbrukarar må søkje makt. Det er heilt grunnleggjande. I mitt hovud søkjer du ikkje makt for eigen del, men for å skape endringar, svarer han og forsikrar at han har gjort alt for å halde orden på dei ulike makt-hattane og rollene.

Eg meiner at nynorskbrukarar må søkje makt. Det er heilt grunnleggjande.

– Nynorskbrukarane må inn i flest mogleg maktposisjonar, det er eigentleg det det handlar om. Eg hadde to og ein halv på eit tidspunkt.

Og når Grepstad sjølv reiser spørsmålet om kva som i grunnen er det viktigaste i eit samfunn, har han svaret klart:

– Eg ville nok lagt inn ei stemme for språk, ja. Det er der det byrjar, og det er der det sluttar.

Det minner smått om eit kjent bibelord. (©NPK)

Les også: – Ivar Aasen skreiv seg til makt

Utskrift E-post