1,1 million til klarspråk i 36 kommunar

Time kommune og Elin Wetås de Jara har jobba med klarspråk i lang tid. No får fleire kommunar støtte til klarspråkarbeid. Foto: Anja GåslandTime kommune og Elin Wetås de Jara har jobba med klarspråk i lang tid. No får fleire kommunar støtte til klarspråkarbeid. Foto: Anja Gåsland

Kommuneorganisasjonen KS har fordelt 1,1 millionar kroner til klarspråkarbeid i 36 kommunar og fylkeskommunar.

 

Støtta skal mellom anna gå til skrivekurs, brukartesting og forbetring av brev, skjema og nett-tekstar. Dei forbetra tekstane kan kommunane og fylkeskommunane i etterkant dele med kvarandre i ein eigen tekstbase.

– KS vil motivere flest mogleg til å komme i gang med klarspråksarbeid. Den byråkratiske skrivestilen har vore prega av tunge formuleringar og smitte frå kompliserte lovtekstar. Klarspråk handlar om å skrive så folk forstår, seier områdedirektør Inger Østensjø i KS.

Støtta er ein del av programmet Klart språk i kommunesektoren, som skal vare fram til 2020. Til no har rundt 150 kommunar og fylkeskommunar deltatt på klarspråkskurs, og mange har starta eige arbeid.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er med på å finansiere Klarspråk-programmet.

Mellom dei som har fått støtte er Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, Førde kommune og Nye Voss.

 

(©NPK)

Utskrift E-post